Pavel Janáček

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pavel Janáček
PJ 2.jpg
Fødd 16. januar 1968
Praha
Yrke skribent, litteraturkritikar, journalist, historikar

Pavel Janáček (fødd 16. januar 1968 i Praha) er ein tsjekkisk Ψ og kritikar. Spesialfeltet hans er populærlitteratur og litterær kultur på 1800- og særleg 1900-talet, seinast sensurhistoria.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fordi han av politiske grunnar ikkje fekk studere ved Det filosofiske fakultetet på Karlsuniversitetet i Praha, studerte han på Høgskulen for økonomi samme stad.[1] I åra 1990-1995 skreiv han i kulturspaltene i avisa Lidové noviny, i åra 1995-1995 som redaktør for det litterære tidsskriftet Tvar. Frå 1995 har han arbeidd på Institutt for tsjekkisk litteratur ved Det tsjekkiske vitskapsakademiet, fyrst på avdelinga for samtidslitteratur, seinare på avdelinga for litterær kultur og frå 2010 som direktør for instituttet. I åra 2003-2010 underviste han på Instituttet for tsjekkisk litteratur og allmen litteraturvitskap ved Det filosofiske fakultetet på Karlsuniversitetet.[2] På kanal Vltava i tsjekkisk radio leiar han programmet ”Ord om litteratur”, der han diskuterer ny tsjekkisk skjønnlitteratur med inviterte gjestar.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Svět rodokapsu. Komentovaný soupis sešitových románových edic 30. a 40. let 20. století (med Michal Jareš). Praha, Karolinum 2013. ISBN 80-246-0640-2
  • Literární brak: operace vyloučení, operace nahrazení, 1938-1951. Brno, Host 2004. ISBN 80-7294-129-1
  • Sedm století Slavětína: malá knížka k velkému výročí obce (med Hana Dočekalová et al.). Slavětín, Obec Slavětín 2014. ISBN 978-80-260-6161-8
  • V obecném zájmu. Cenzura a sociální regulace literatury v moderní české kultuře, 1749-2014 (med Michael Wögerbauer, Petr Píša, Petr Šámal et al.). Praha, Academia - Ústav pro českou literaturu AV ČR, 2015. ISBN 978-80-200-2491-6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]