Hopp til innhald

Pavel Kulizjnikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pavel Kulizjnikov


StatsborgarskapRussland
Fødd20. april 1994 (32 år)
Vorkuta
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1000 meter menn

Pavel Aleksandrovitsj Kulizjnikov (fødd 20. april 1994) er ein russisk  skeiseløpar frå Vorkuta. Han er trefaldig verdsmeister i sprint-firkamp.

I februar 2015 vann Kulizjnikov 500 meter og vart nummer 2 på 1000 m i VM enkeltdistansar i Heerenveen. Deretter sigra han ved Skeise-VM 2015 i sprint-firkamp avvikla i Astana. 15. november 2015 sette han verdsrekord på 500 meter med tida 34,00 sekund, ein rekord han fem dagar seinare i Salt Lake City forbetra til 33,98. Den 30. januar 2016 sette han lavlands-verdsrekord på 1000 meter då han på Sørmarka arena i Stavanger vart klokka i mål på 1.08,10. I løpet av februar månad sikra han seg gull på 500 m og 100o m i VM enkeltdistansar i Kolomna, før han i Seoul forsvarte meistertittelen i Skeise-VM 2016 i sprint-firkamp.

Ved Skeise-VM 2019 i sprint-firkamp i Heerenveen vann Kulizjnikov sigerskrans for tredje gong. 9. mars 2019 sette Kulizjnikov i Salt Lake City verdsrekord på 500 meter med tida 33,61. På den same skeisebana vann han i februar 2020 både 500 m og 1000 m ved VM enkeltdistansar. På 1000-meteren sette han verdsrekord med 1.05,69, ein rekord som vart ståande i fire år.

Kulizjnikov var 2012-14 utestengt frå idrett grunna brot på dopingreglane.