Pavel Patera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pavel Patera


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 6. september 1971 (52 år)
Kladno
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Ishockey-VM 2002, Ishockey-VM 2001 (elitedivisjonen), Ishockey-VM 2000

Utmerkingar

æresborger i Kladno

Pavel Patera (fødd 6. september 1971) er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar frå Kladno. Perioden 1996-2001 vann han fire VM-gull og eitt OL-gull for Tsjekkia.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Patera var senterløpar på Tsjekkia sitt sigerrike landslag, eit mannskap som tok medalje i seks verdsmeisterskap på rad og sigra i den olympiske ishockey-turneringa i 1998. Medaljehausten tok til med gull i VM 1996 og vart etterfylgd av bronse både i 1997 og 1998. Vinteren 1998 lukkast Patera verte olympisk meister med Tsjekkia, etter 1-0 over Russland i OL-finalen i Nagano. Deretter vann Tsjekkia tre strake VM-gull i åra 1999-2001, alle med Patera på plass.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Patera var profesjonell spelar i 25 år frå 1990. Størstedelen av tida, 1990-96 og 2004-14, gjorde han teneste i klubben frå heimbyen Kladno. Saman med to lagkameratar, Martin Procházka og Otakar Vejvoda, reiste Patera i 1996 til Sverige, der han i to sesongar spelte han på AIK Stockholm. 1998/99-sesongen var han tilbake i heimlandet, ein sesong som enda med siger i den tsjekkiske ishockeyserien for klubben Vsetín og Patera. Hausten 1999 spelte Patera på Dallas Stars og hausten 2000 på Minnesota Wild, men lukkast ikkje i korje av NHL-laga. Derimot vart han russisk meister 2004 med Avangard Omsk, den siste av tre sesongar med klubben frå Sibir.

Våren 2006 spelte Patera nokre få kampar på Färjestads BK, ein klubb som vart svensk meister den sesongen. Etter ti år i Kladno avslutta Patera karrieren med ein sesong i HC Olomouc, 43 år gammal la han opp i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]