Pavel Rostovtsev
Pavel Rostovtsev | |
Fødenamn | Павел Александрович Ростовцев |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 21. september 1971 (51 år) Gus-Khrustalnyj |
Idrett | skiskyting |
Tok del i |
Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's relay |
Utmerkingar |
Venskapsordenen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Pavel Aleksandrovitsj Rostovtsev (fødd 21. september 1971 i Gus-Khrustalnyj i Vladimir oblast) er ein russisk skiskyttar. Han er tre gonger verdsmeister i skiskyting.
Rostovtsev bur i Krasnojarsk. Han har konkurrert i verdscupen sidan 1995/96-sesongen. I 2000 vart han verdsmeister med det russiske stafettlaget i VM i Lahti. Året etter vann han sprinten og jaktstarten i VM i Pokljuka. I 2001/02-sesongen kom han på andreplass i verdscupen samanlagt. Sidan har han ikkje klart like gode resultat, og han har ikkje vunne verdscuprenn sidan 2001/02-sesongen. Han var med i den russiske troppen til Vinter-OL i Torino i 2006, der han var med å ta sølv med stafettlaget.
Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]
(per 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 2. plass (2001/02)
- Verdsmeisterskap:
- 3 gull (2 individuelle), 6 sølv
- Olympiske leikar:
- 1 sølv (Beste individuelle: 5. plass (sprinten, 2002))
- Verdscuprenn:
- 6 gull, 12 sølv, 6 bronse
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Pavel Rostovtsev». olympedia.org. Henta 23. januar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1971
- Russiske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland
- Russiske deltakarar under vinter-OL 2002
- Skiskyttarar under vinter-OL 2002
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2006
- Russiske deltakarar under vinter-OL 2006
- Skiskyttarar under vinter-OL 2006
- Deltakarar under VM i skiskyting 1997
- Deltakarar under VM i skiskyting 1999
- Deltakarar under VM i skiskyting 2000
- Deltakarar under VM i skiskyting 2001
- Deltakarar under VM i skiskyting 2002
- Deltakarar under VM i skiskyting 2003
- Deltakarar under VM i skiskyting 2004
- Deltakarar under VM i skiskyting 2005