Pavlodar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pavlodar
Horisonten til Pavlodar
Byvåpenet til Pavlodar
Byvåpenet til Pavlodar
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg
Kasakhstan
Pavlodar oblast
Grunnlagd 1720
Akim Bakauov, Bulat Zhumabekovich
Geografi
Flatevidd
 - By

400 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)
   - folketettleik

353 930
  799/km²
Koordinatar 52°18′″N 76°57′″EKoordinatar: 52°18′″N 76°57′″E
Høgd over havet 123 m
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 140000 - 140017
Telefon-retningsnummer +7 7182
Bilnummer S
Heimeside: http://www.pavlodar-city.kz
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Pavlodar (kasakhisk: Павлодар) er ein by nordaust i Kasakhstan. Han ligg 350 km nordaust for hovudstaden i landet, Astana, og 400 km søraust aust for den russiske byen Omsk langs elva Irtysj. Byen er hovudstad i Pavlodar oblast og har like over 300 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane er kasakhstanarar og russarar. Det finst i tillegg minoritetar av ukrainarar og tyskarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pavlodar er den eldste oblasthovudstaden nord i Kasakhstan og vart grunnlagd i 1720 som Korjakovskij nær nokre saltsjøar. Han vart byen Pavlodar i 1861, men sjølv om han dreiv omfattande handel med salt og jordbruksprodukt hadde han berre om lag 8 000 innbyggjarar i 1897. Han fekk namnet Pavlodar, Pavel si gåve, til ære for den nyfødde storhertug Pavel Aleksandrovitsj av Russland.[1]

I 1955 gav Jomfrulandplanen ein ny start til den moderne Pavlodar. Storinnflytting frå andre delar av Sovjetunionen, industrialisering og rask utbygging forma byen på kort tid. Sidan midten av 1960-åra har Pavlodar vokse til å verte eit stort industrisenter med traktor-, aluminium- og kjemiske fabrikkar. Eit oljeraffineri stod ferdig i 1978. Byen hadde òg ein stort stridsvognfabrikk og var derfor stengd for utlendingar fram til 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]