Peace Train

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peace Train
Singel av Cat Stevens
frå albumet Teaser and the Firecat
B-side
Språk engelsk
Utgjeve
    • 1971 (verda)
    • September 1971 (USA)
Innspelt Mars 1971
Studio Morgan i Willesden i London
Sjanger Softrock[1]
Lengd
    • 4:12 (album)
    • 3:45 (singel)
Selskap
Komponist Cat Stevens
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens-kronologi 
«Moonshadow»
(1971)
Peace Train «Morning Has Broken»
(1972)


«Peace Train» er ein song frå 1971 av Cat Stevens gjeven ut på albumet hans Teaser and the Firecat. Songen klatra til sjuandeplassen på Billboard Hot 100-lista i løpet av veka 6. november 1971, og vart den første topp 10-hittne til Stevens i USA.[2] Songen låg òg tre veker på toppen av adult contemporary-lista.[3] Han er òg med på samlealbumet The Very Best of Cat Stevens. Stevens spelte inn songen på nytt for velgjerdsorganisasjonen War Child i 2003.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

På ein konsert på 1970-talet introduserte han songen med avsløringa om at han skreiv songen medan han sat på eit tog, og tenkte på Alfred Hitchcock, utvilsamt på grunn av at mange av Alfred Hitchcock-filmane gjekk føre seg på tog.

Cat Stevens konverterte seinare til islam, skifta namn til Yusuf Islam, og reduserte dei offentlege opptredenane sine, men under Irak-krigen kommenterte han den fornya relevansen til songen med å seia: «'Peace Train' er ein song eg skreiv, med eit bodskap som held fram med å torna gjennom hjarta til millionar. Det er eit sterkt behov for at folk føler at håpet reiser seg igjen. Som menneske og som muslim er dette bidraget mitt til oppmodinga om ei fredeleg løysing.»[4]

Yusuf Islam framførte songen live under Nobels fredspriskonsert i 2006 då Muhammad Yunus frå Bangladesh fekk prisen.[5] Mellomspelet under songen der bakgrunnssongarane syng «Kumbayaba» vart fjerna for denne versjonen. Han framførte òg songen som ein del av ein komisk sketsj på Jon Stewart sitt Rally to Restore Sanity, og på den nasjonale minnestunda i New Zealand for moskéskytinga i Christchurch, som vart halde i Hagley Park 9. april 2023.[6]

Saman med Playing for Change spelte Yusuf/Cat Stevens i 2021 inn ein ny versjon av «Peace Train» med over 25 musikarar frå 12 land.[7]

Skuldingar om hykleri[endre | endre wikiteksten]

Popsanger med fredsbodskap var vanleg i Vietnamkrigen, og «Peace Train» vart innleidd av «Give Peace a Chance» i 1969. Det var likevel ikkje alle som fann fredssongen til Cat Stevens overtydande. Robert Christgau kritiserte bodskapen i «Peace Train» i sin Newsday-melding av ein konsert med Stevens i New York Philharmonic Hall i november 1972: «Eg har ikkje noko imot når Johnny Nash syng ei sjarmerande vise om korleis ting blir betre, men når Stevens informerer verda om at me alle er på eit fredstog, blir eg irritert. Det er me ikkje, og viss Stevens nokon gong sluttar å rista på hovudet lenge nok til å sjå klart ein augneblink, vil han kanskje innsjå det.»[8]

Etter at ayatollah Khomeini kunngjorde ein fatwa mot Salman Rushdie etter utgivinga av boka til forfattaren Sataniske vers, kom Stevens med utsegner som støtta fatwaen og sa at Rushdie fortente å døy og at han (Stevens) ville fungera som bøddel «viss me var i ein islamsk stat og eg vart beordra av ein dommar». Då han vart spurd: «ville du gått til ein demonstrasjon der du visste at ei avbilding av Rushdie skulle brennast?», svarte Stevens: «Eg ville ha håpa at det var ekte vare». Kommentarane til Yusuf Islam skapte reaksjonar på den tida. Popgruppa 10 000 Maniacs sletta Cat Stevens-songen «Peace Train», som dei hadde spelt inn til albumet In my Tribe frå 1987, frå seinare utgivingar av albumet som ein protest mot utsegnene til Islam.[9] Fleire amerikanske radiostasjonar slutta å spela Cat Stevens-plater.[10] Radioprogramleiar Tom Leykis i KFI-AM i Los Angeles oppmoda til massebrenning av Cat Stevens sine plater, seinare endra til massedamping. Islam hevda at han tidlegare utan hell hadde bede plateselskapet sitt om å stoppa produksjonen av Cat Stevens-platene, men at dei hadde nekta av økonomiske grunnar.[11]

Etter terroråtaka 11. september 2001 vart songen plassert på lista over upassande songar etter 11. september 2001 distribuert av Clear Channel.[12]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia (Kent Music Report) 3
Canada RPM Adult Contemporary[13] 22
Canada RPM Top Singles[14] 3
New Zealand (Listener)[15] 2
U.S. Billboard Hot 100[16] 7
U.S. Billboard Adult Contemporary 1
U.S. Cash Box Top 100[17] 4

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia[18] 48
Canada[19] 48
U.S. Adult Contemporary (Billboard)[20] 13

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå originalinnspelinga til Stevens, vart ein coverversjon av «Peace Train» spelt inn av det amerikanske alternativrock-bandet 10,000 Maniacs. Songen dukka opphavleg opp på albumet til bandet frå 1987, In my Tribe, men han nådde ikkje hitlistene. Etter Stevens sine kommentarar som nokon tolka som ei oppmoding til å drepa Salman Rushdie, fekk 10,000 Maniacs-vokalisten Natalie Merchant fjerna «Peace Train» frå alle framtidige utgivingar av albumet i USA.[21]

I 1995 vart ein coverversjon av «Peace Train» inkludert på Don Williams-albumet Borrowed Tales. I 1996 inkluderte Dolly Parton ein versjon av «Peace Train»,[22] akkompagnert av den sørafrikanske vokalgruppa Ladysmith Black Mambazo, på albumet hennar Treasures. Parton produserte ein CBS-tv-spesial, som vart send i november 1996 for å marknadsføra albumet, der ho skildra «Peace Train» som ein personleg favoritt. Spesialen inkluderte òg eit kort intervju med Yusuf Islam, som skildra korleis han kom til å skriva songen. (Islam vart seinare med Parton på ein cover av ein annan av songane hans, «Where Do the Children Play?», og spelte gitar på sporet i 2005 på albumet hennar These Were the Days). I 1997 gav Parton ut songen som singel og filma ein musikkvideo, regissert av Christopher Ciccone, bror til Madonna.[23] Singelen vart ein hit på US Dance og nådde ein 23. plass.[24]

Songen har òg vorte spelt av Tony Meléndez i 1987, Jann Arden i 2007, Zain Bhikha[25] i 2008, Laleh, Richie Havens, Melanie, Sam Harris og Rob Tobias and Friends. Songen vart òg remiksa av DJ-en Junior Vasquez.

Songen har dukka opp i filmane The War, Remember the Titans, Ordinary Magic, We Are Marshall og Jobs. Richie Havens sin versjon vart inkludert i TV-serien The Wonder Years.

Meir nyleg dukka «Peace Train» (saman med fleire andre Cat Stevens-songar) opp i den amerikanske komedien Rock the Kasbah frå 2015.[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «VH1's 40 Most Softsational Soft-Rock Songs». Stereogum. SpinMedia. 31. mai 2007. Henta 14. april 2023. 
  2. «Hot 100 - Week of 6. november 1971». Hot 100 - Week of 6. november 1971. Henta 5. april 2020. . november 1971|work=Billboard|access-date=5. april 2020}}
  3. Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)
  4. «Peace Train er ein song I wrote, the message of which continues to breeze thunderfully through the hearts of millions». Izquotes.com. 21. juli 1948. Henta 14. april 2023. 
  5. «Stjernene hyllet Yunus». VG. 11. desember 2006. Henta 14. april 2023. 
  6. «Cat Stevens/Yusuf delivers powerful performance at memorial for terrorist attack victims - 'May peace be upon them'». TVNZ. 9. april 2023. Henta 14. april 2023. 
  7. Blistein, Jon (21. september 2021). «Yusuf/Cat Stevens Takes His 'Peace Train' Around the World in New Performance Video». Rolling Stone (på engelsk). Henta 9. april 2023. 
  8. Robert Christgau, «Cat Stevens», rpt. Any Old Way You Choose It: Rock and Other Pop Music, 1967-1973, Baltimore: Penguin, 1973, s. 215
  9. interview by Andrew Dansby (14. juni 2000). «Cat Stevens Breaks His Silence». Rolling Stone magazine. Henta 14. april 2023. 
  10. Stations Stop Playing Cat Stevens Records New York Times 2. mars 1989;.
  11. Stevenson, Richard W., «Books, Then Records, Flames Climb Higher,» A18, New York Times, 8. mars 1989
  12. Murphy, Heather (17. september 2001). «It's the End of the World as Clear Channel Knows It». Slate. 
  13. «RPM AC Singles - 9. oktober 1971» (PDF). 
  14. «RPM Top 100 Singles - 27. november 1971» (PDF). 
  15. Flavour of New Zealand, 14. februar 1972
  16. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990 - ISBN 0-89820-089-X
  17. Cash Box Top 100 Singles, 20. november 1971 Arkivert 14. august 2012 ved Wayback Machine. Henta 5. april 2020.
  18. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  19. «RPM 100 Top Singles of '71 - 8. januar 1972» (PDF). 
  20. Billboard, 25. desember 1971.
  21. «10,000 Maniacs Build 'Campfire' Collection». Billboard. 19. desember 2003. Henta 14. april 2023. 
  22. «Treasures». Discogs. 1996. Henta 14. april 2023. 
  23. Ciccone, Christopher (2008). Life with My Sister Madonna, New York: Simon & Schuster, s. 248
  24. «Dolly Parton - Chart history». Billboard. 27. september 1997. Henta 14. april 2023. 
  25. «Raise Your Voice». Khaleej Times. Arkivert frå originalen 8. juni 2011. Henta 14. april 2023. 
  26. Corn, David (20. oktober 2015). «How Cat Stevens Made Bill Murray's New Film Happen». Mother Jones. Henta 14. april 2023.