Hopp til innhald

Peanøttsmør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peanøttsmør i krukke og på ei skei.
Peanut Butter and Jelly Sandwich er eit kjent dobbelt smørbrød frå USA.

Peanøttsmør er eit pålegg av måla, tørrista peanøtter, ofte tilsett mindre mengder olje, sukker og salt.

Søraust-Asia

[endre | endre wikiteksten]

I Indonesia og andre delar av Søraust-Asia blir det dyrka mykje peanøtter, og dei inngår i mange matretter frå desse områda. I mange tilfelle blir peanøttene tilsette under matlaginga i form av peanøttsmør.[1]

Bruken av peanøttsmør er også utbreidd i USA, der det også blir dyrka mykje peanøtter.[2] I amerikansk matkultur brukar ein til dømes peanøttsmør som pålegg, ofte i kombinasjon med syltetøy i ein peanøttsmør- og syltetøysandwich (Peanut Butter and Jelly eller PB&J).

Peanut butter cup, ein sjokolade fylt med peanøttsmør, er også populær i USA.

  1. Norman, Jill. Den lille boken om søte & gode smakstilsetninger. no#: Ex Libris. ISBN 8273842193. «Ristede peanøtter og peanøttsmør er ofte benyttet i sauser i Sørøst-Asia og Indonesia. Peanøttsmør brukes også i bakverk i Nord-Amerika. Vi kjenner peanøttsmøret som brødpålegg.» 
  2. «U.S. peanut production 2022». Statista (på engelsk). Henta 4. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Peanøttsmør