Hopp til innhald

Pearls: Songs of Goffin and King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pearls: Songs of Goffin and King
Studioalbum av Carole King
Utgjeve 1980
Innspelt Januar 1980
Studio Pecan Street Studios i Austin i Texas
Sjanger
Lengd 33:22
Selskap Capitol
Produsent Carole King, Mark Hallman
Carole King-kronologi 
Touch the Sky
(1979)
Pearls: Songs of Goffin and King One to One
(1982)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Robert Christgau(B-) [2]

Pearls: Songs of Goffin and King er det 11. studioalbumet til den amerikanske musikaren Carole King, gjeve ut i 1980. Det gav ho hennar siste hit til no, «One Fine Day», som nådde 12. plassen på den amerikanske hitlista. Albumet består av innspelingar av songar Carol King og Gerry Goffin skreiv for andre artistar i 1960-åra.

Allmusic skreiv om albumet: «Ikkje ver i tvil, dette er kanskje det viktigaste verket til Carole King sidan Tapestry, og kvifor eit liknande album ikkje følgde Tapestry eller oppfølginga til dette, Music, var ein marknadsføringsstabbe og eit mysterium. Her manglar produksjonen til Lou Adler, sjølv om King og hennar medprodusent Mark Hallman neppe er ineffektive. Pearls: Songs of Goffin and King er settet den mangeårige fansen til artisten ønskte seg då Tapestry gjorde henne til meir enn eit kjent namn. Dette albumet fortener plassen sin rett ved sida av Tapestry[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Gerry Goffin og Carole King.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Dancin' with Tears in My Eyes»3:31
2.«Locomotion»2:30
3.«One Fine Day»2:30
4.«Hey Girl»3:41
5.«Snow Queen»4:27
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Chains»2:56
2.«Oh No Not My Baby»3:01
3.«Hi De Ho»3:35
4.«Wasn't Born to Follow»3:16
5.«Goin' Back»3:50
Total lengd:33:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Carole King – solovokal, piano (1, 2, 3, 5, 7, 10)
  • Reese Wynans – klaverinstrument
  • Eric Johnson – sologitar, rytmegitar
  • Christopher Cross – rytmegitar (2, 6, 8)
  • Mark Maniscalco – banjo
  • Charles Larkey – bassgitar
  • Steve Meador – trommer
  • Miguel Rivera – conga, perkusjon
  • Bill Ginn – blåsar og strykearrangement, dirigent
  • Akira Endo – strykardirigent
  • Richard Hardy – fløyte, altsaksofon, saksofonsoloar
  • Tomás Ramírez – tenorsaksofon
  • Donald Knaub – basstrombone
  • Michael Munday – trombone
  • Ray Crisara – trompet, kornett (8)
  • Bobby Meyer – trompet, kornett (8)
  • Betty Whitlock – fele (9)
  • Mark Hallman – korvokal (6), gitar (10), munnspel (10)
  • Oscar Ford Jr. – korvokal (8)
  • Gloria Hines – korvokal (8)
  • Deborah North – korvokal (8)
  • Lydia North – korvokal (8)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar – Carole King og Mark Hallman
  • Lydteknikar – Chet Himes
  • Assisterande lydteknikar – James Tuttle
  • Mastering av Bobby Hata i Warner Bros. Recording Studios (North Hollywood, CA).
  • Kunstnarisk leiar og design – Dick Reeves og John Wilson
  • Fotografi – Sherry Goffin
  • Management og rettleiing – Michael Brovsky og Witt Stewart

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 52
Canada RPM Albums Chart[4] 96
US Billboard Top LPs & Tape[5] 44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Pearls: Songs of Goffin and KingAllmusic. Henta 24. mai 2022.
  2. Christgau, Robert. «Consumer Guide: Carole King: Pearls». Henta 21. mai 2022. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 166/167. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. Library and Archives Canada. Henta 21. mai 2022
  5. Allmusic - Carole King > Pearls > Charts & Awards > Billboard Albums