Pedalsteelgitar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Moderne pedalsteelgitar med to halsar.
Pedalsteelgitar (D10 ZumSteel)

Pedalsteelgitar er ein type elektrisk gitar som ligg horisontalt på eit stativ med pedalar og knespakar. Høgre fot vert som oftast nytta på ein volumpedal, medan venstre foten vert nytta til å trykke ned éin eller fleire av pedalane. Knea vert plassert under gitarkassen, slik at ein kan flytte på knespakane som heng under kassen ved å presse knea til høgre, venstre eller rett fram.

Strengane heng høgt over halsen på instrumentet. I staden for å trykke strengene mot banda, held gitaristen eit massivt metallstål (bar) ned på strengene. Stålet kan førast opp og ned langs strengene for å skape den karakteristiske «glidelyden». Ved å bruke pedalane og spakane endrar ein tonehøgda på strengane.

Pedalsteelgitar vert vanlegvis spelt med fingerplekter (picks).

Pedalsteelgitar er oftast assosiert med amerikansk countrymusikk. Ein byrja å bruke pedalar og knepedelar i 1950-åra, slik at utøvarane kunne spele skalaer utan å flytte metallstålet og i tillegg presse ned pedalane samstundes som ein slo ein akkord, der tonane vert bøygd opp til harmoni med eksisterande tonar. Sistnemnde skapar ein unik lyd som er særleg knytt til country og som ikkje er mogeleg å skape med ein gitar utan pedalar.

Steelgitaren vart først brukt på Hawaii på 1800-talet og lyden vart populær i USA på første halvdel av 1900-talet. Instrumentet vart utvikla til ei rekkje instrument utforma for at gitaren skulle spelast horisontalt. Dette vart òg kalla «Hawaiistil» eller «Hawaiigitar».

Å spele pedalsteelgitar har unike fysiske krav, sidan ein samstundes må koordinere begge henda, begge føtene og begge knea. Pionerar innan instrumentet var mellom andre Buddy Emmons, Bud Isaacs, Zane Beck og Paul Bigsby.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pedalsteelgitar