Pedant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pedant (frå italiensk pedante) er ei nemning på ein person som er oppteken av små detaljar, synonym (som substantiv) med paragrafryttar, flisespikkar og liknande. I engelsk blei ordet tidlegare også brukt som nemning på skulemeister eller huslærar (jf. pedagog).

Som adjektiv blir «pedant» gjerne brukt om det å pirke på små detaljar, til dømes «for å vere pedantisk, så sa han faktisk ikkje det» eller «det går ikkje nokon veg å drive pedanteri med dette».