Peder Alsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Alsvik
Fødd26. juni 1882
Aure kommune
Død31. desember 1964 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Peder Olsson Alsvik (26. juni 188231. desember 1964) var ein norsk fiskar, sjømann, bankmann og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, fødd i AureNordmøre.

Foreldra til Alsvik var gardbrukarar på Semundset i Aure. Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i både innan- og utanriksfart. Han arbeidde mange år som fiskar og i 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. 1922-23 var han anleggsarbeidar på Raumabanen. Frå 1933 til 1942 og frå 1945 til 1956 var han administrator i Hypotekbanken si avdeling i Trondheim.

Alsvik busette seg med familien på Dale på Nordlandet, som den gongen høyrde til Bremsnes herad. Han kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes i 1916, der han hadde sete ein periode (1916-19) og sidan tre periodar frå 1925 til 1934. Hausten 1936 vart Alsvik vald til stortingsrepresentant for Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet. Han vart attvald ved stortingsval 1945 og 1949. Frå 1945 til han gjekk ut av Stortinget i 1953 var han medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]