Peder Anker Krohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Anker Krohn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1794
Søndre Land kommune
Død

6. mars 1857 (63 år)
Larvik

Yrke embetsmann, politikar
Språk norsk
Far Johan Jørgen Krohn

Peder Anker Krohn (fødd 20. februar 1794 i Søndre Land, død 6. mars 1857 i Larvik) var ein norsk jurist og embetsmann.[1] Han var sorenskrivar og prokurator i Valdres, byfogd og postmeister i Kragerø i 1836-1846 og byfogd i Larvik frå 1846. Han gjekk i teneste hos sorenskrivar Thaulow.

Krohn var son av offiseren Johan Jørgen Krohn og Bodil Marie Magelsen. Peder Anker Krohn var halvbror av Jens Christian Meinich. Faren var i mange år i teneste som vegmeister og fullmektig for Peder Anker.[2] Gift første gong med Bolette Andrea Müller (død 1838), andre gong med Anna Holter Dorph.

Krohn var stortingsrepresentant for Christians amt 1830-1832 og 1. suppleant for Kragerø og møtte i 1842-1844.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri.
  2. Frydenlund, Bård (2009): Stormannen Peder Anker. En biografi. Oslo: Aschehoug.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]