Peder Aslak Owren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Aslak Owren
Fødd 7. desember 1876
Fåberg
Død

5. juni 1954

Yrke bonde, politikar

Peder Aslak Berntsson Owren (7. desember 18765. juni 1954) var ein gardbrukar frå Fåberg i Oppland som representerte Oppland fylke og ArbeiderdemokrateneStortinget i perioden 1925-27.

Owren var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk Elverum ungdomsskole i 1892/93 og tok eksamen ved landbruksskulen på Hove i Fåberg i 1899. I 1901 tok han over farsgarden Lekshus i bygda Mesna, ein gard han dreiv til 1932. Jamsides gardsdrifta sysla han med skog- og tømmerhandel til 1914, medan han i tida 1911-26 dreiv eit dampysteri med landhandel. Då han i 1932 skøytte garden over på eldste sonen, starta han opp ein pelsdyrfarm med avl av sølv- og platinarev.

Periodane 1913-22 og 1925-28 var Owren ordførar i Fåberg herad. Han var også formann i det kommunale skogutvalet. Valbolken 1919-21 var han 1. varamenn til Stortinget frå einmannskrinsen Søndre Gudbrandsdalen. Han møtte då fire gongar i staden for Johan Castberg, den valde representanten, som var medlem i Justiskomiteen. Owren lukkast ikkje å kome inn på Stortinget 1922-24, men nådde opp gjennom Stortingsvalet 1924. Han var såleis medlem i Militærkomiteen i tingbolken 1925-27.

Elles var Owren formann 1918-21 i skattetakstkomiteen for Oppland fylke, medlem 1923-37 i tilsynsnemnda (styret) for Oppland fylkessjukehus og 1929-32 i tilsynskommisjonen for Eidsvoll-, Rauma-, Dovrebanen. I tida 1940-44 og 1945-?? var han formann i Norges Pelsdyrlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]