Peder Christian Holst
Peder Christian Holst | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. april 1798 Trondheim |
Død |
14. desember 1873 (75 år) |
Yrke | politikar, direktør, offiser, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Peder Christian Holst (27. april 1798–14. desember 1873) var ein norsk offiser, næringsdrivar og stortingsmann frå Trondheim.
Holst var son til ein skulemann. Sjølv var han offiser i trondhjemske infanteriregiment frå 1816 og i artilleribrigaden frå 1821. Han vart forfremja til premierløytnant i artilleriet i 1829 og kaptein i 1837. Frå 1842 til 1854 var han direktør for Kongsberg Våpenfabrikk.
Holst representerte Smaalenenes amt på Stortinget i 1839 og 1842, og bykrinsen Kongsberg i 1848 og 1851. Han var 1839 medlem i Militærkomiteen, 1842, 1848 og 1851 i Protokollkomiteen, samt i 1842 i komiteen om embetsgardane, i 1848 i Adressekomiteen og 1851 i Valkomiteen. På tingsamlinga i 1848 var han også sekretær i komiteen om vernepliktslova.
Holst var ordførar i Kongsberg i 1847 og 1849–1850. Han døydde i Moss, 75 år gammal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Peder Christian Holst NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1798
- Døde i 1873
- Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt
- Stortingsrepresentantar for Kongsberg
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Ordførarar i Kongsberg
- Folk tilknytte Kongsberg Våpenfabrikk
- Norske offiserar
- Folk frå Trondheim