Peder Eiesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Eiesland
PederEiesland.png
Fødd 16. desember 1840
Fjotland
Død

3. mai 1929
Voss

Yrke prest, politikar

Peder Tobias Eiesland (16. desember 18403. mai 1929)[1] var ein norsk prest og stortingsmann frå Fjotland i Vest-Agder. På Stortinget representerte han Moderate Venstre 1889-91 og Venstre 1895-1900. Johannes Steen var svigerfar hans.

Eiesland var son til Torborg Lindeland og gardbrukaren Gunnuf Eiesland.[2] Han var omgangsskulehaldar 1858-59 og gjekk deretter på Holt seminar. Etter at han vart seminarist i 1860, dreiv han 1860-61 privatskule for vaksne heime i Fjotland. Etter eit år som skulelærar i Grimstad reiste Eiesland til hovudstaden og var lærar ved ulike skular der, samstundes som han studerte. Han vart student i 1870 og cand. theol. i 1877.

Åra 1879-82 var han hjelpeprest og seinare kapellan ved domkyrkja i Stavanger. Frå 1883 var han stiftskapellan i Bergens stift. I 1886 fekk han stilling som sokneprest i heimbygda Fjotland. Frå 1900 til 1919 var han Voss sin sokneprest.

Eiesland representerte Lister og Mandals amtStortinget 1889-91 og 1895-1900. Han var 1889-91 medlem av konstitusjonskomiteen, 1895-97 av vegkomiteen og 1898-1900 av Lagtinget og kyrkjekomiteen. I debatten i Stortinget om røysterett for kvinner i juni 1890 tala han kraftig for å gje også kvinner røysterett.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]