Peder Holtermann
Hopp til navigering
Hopp til søk
Peder Holtermann | |
Fødd | 5. desember 1802 Melhus |
Død |
19. september 1887 (84 år) |
Yrke | prest, politikar |
Peder Christian Tyrholm Holtermann (5. desember 1802–19. september 1877) var ein norsk prest og stortingsmann frå Melhus.
Holtermann var son til ein offiser. Sjølv vart han student frå Trondhjems skole i 1821 og cand. theol. i 1827. Han var frå 1828 til 1846 sokneprest i Kvernes, deretter var han residerande kapellan i Vår Frue kirke i Trondheim. Til sist sokneprest i Oppdal 1855-69.
Holtermann var ordførar i Kvernes i fleire år. Etter han hadde flytta frå Oppdal var han i nokre år formann i Trondhjems Arbeiderforening.
Holtermann var 3. representant frå Romsdals amt til Stortinget 1842. Han var då sekretær i gasje- og pensjonskomiteen og medlem av trykkekomiteen.
Han døydde i Trondheim i 1887.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914