Peder I. Ramsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peder Ingvaldsson Ramsrud)
Peder I. Ramsrud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. februar 1923
Fåberg
Død

10. juni 2014 (91 år)
Østre Toten kommune

Yrke politikar, predikant
Språk norsk
Politisk parti Framstegspartiet

Peder Ingvaldsson Ramsrud (10. februar 192310. juni 2014) var ein norsk lekpreikar, forsikringsmann og politikar, fødd i Mesna i Oppland. Han representerte Oppland og FramstegspartietStortinget i perioden 1989–93, og busett på Kolbu i Østre Toten.

Ramsrud voks opp på Biri, der far hans var gardsarbeidar og seinare bureisar. Sjølv gjekk han skulevinteren 1939/40 på folkehøgskulen Viken kristelige ungdomsskole og tok deretter indremisjonselskapet sin bibelskule og predikantkurs. Frå 1941 til 1957 reiste han så rundt som forkynnar, utsend frå Det norske lutherske Indremisjonsselskap. I denne tida skreiv han fleire songar, best kjend er «I romerbrevet åtte, jeg bor i nummer tre». Etter Ramsrud slutta som predikant, prøvde han å livnære seg som kunstmålar. Sidan arbeidde han i over tretti år i forsikringsbransjen til 1989.

Ramsrud melde seg i 1973 prompte inn i Anders Langes parti og vart med vidare då det endra namn til Framstegspartiet i 1977. Han var medlem 1977-85 i Østre Toten kommunestyre og 1981-91 i Oppland fylkesting, dei siste fire år med plass i fylkesutvalet. Hausten 1989 vart han vald til stortingsmann frå Oppland, som den fyrste representanten frå Framstegspartiet. I fireårsperioden 1989-93 var han så medlem i Landbrukskomiteen. Han vart ikkje attvald i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]