Peder J. Finde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder J. Finde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1610
Førde
Død

10. september 1691 (81 år)

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Skilt ved porten til Førde kyrkje
Foto: Eirik U. Birkeland

Peder Jørgenson Finde (fødd 1610 i Oslo, død 10. september 1691)[1] var sokneprest i Førde frå 1637, og prost i Sunnfjord frå 1659. Han la under seg store eigedommar og åtte fjerdeparten av all jord i Førde, i tillegg eigedommar over heile Vestlandet. Han var den største jordeigar og ein av dei rikaste personar i Sunnfjord i si tid.[2]

I 1643 gav han Førde kyrkje ei altertavle i barokk, den er fortsatt i kyrkja.[2]

Han var son av Jørgen P. Finde, rådmann i Oslo, og soneson av Peder N. Finde, borgarmeister i Aalborg. Han var gift med Barbara (Lussi[2]) Nitter, dotter av kjøpmann Henrik Nitter. Dottera Anna (eller Anne) (1645-1728) var gift med presten Iver Leganger i Vik. Sonen Henrik (1643-1700) var sokneprest i Førde etter faren. Sonen Jørgen (1644-1705) var sokneprest i Aurland. Dottera Maren var gift med tre gongar, alle ektemennene var sokneprestar i Jølster. I andre ekteskap var han gift med Anne Stoud. To sonar frå andre ekteskap vart også prestar: Rasmus (1649-1694) i Gloppen og Otto (død 1741) i Volda. Ottos dotter Anne Elisabeth var gift Niels Astrup (1681–1743), medan dottera Maren var gift med sokneprest i Os Nils Leganger. I tredje ekteskap var Finde gift med Beate Christensdatter. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  2. 2,0 2,1 2,2 NRK.no (fylkesleksikon SF): Peder Jørgenson Finde, henta 2. juni 2013