Peder J. Utheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Jonsson Utheim (21. februar 184111. desember 1902) var ein gardbrukar og stortingsmann frå KornstadNordmøre. John Utheim var bror hans.

Utheim var son av ein gardbrukar i Kornstad. I 1863 gjekk han amtslandbruksskulen. Han tok over farsgarden i 1868 og dreiv denne til han døydde. Vinteren 1870/71 var han elev på ein folkehøgskule i Sel i Oppland, driven av Christopher Bruun og Kristofer Janson.

Utheim var ordførar i Kornstad frå 1898 til han døydde 1902. Han var og direktør for sparebanken i heradet. Elles medlem av styret for landbruksskulen i Romsdals amt.

Frå 1892 til 1897 representerte Utheim Romsdals amt på Stortinget. Han var då medlem av jarnbanekomiteen. Perioden 1900-03 var han 1. varamann, møtte i landbrukskomiteen 11.10.1901-26.11.1901 i staden for Nils J. Hestnes.

Utheim døydde 1902 på sjukehuset i Trondheim.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914