Peder Klykken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Klykken

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. november 1772
Overhalla
Død

22. januar 1861 (88 år)
Skogn

Yrke sorenskrivar, lensmann, stortingsrepresentant, politikar
Språk norsk

Peder Klykken (19. november 177222. januar 1861) var ein norsk sorenskrivar og stortingsmann frå Overhalla.

Klykken var son til ein klokkar og gardbrukar i Overhalla. Han vart i 1802 uteksaminert jurist i norsk og arbeidde som kopist og/eller konstituert i ulike embete i seksten år. Frå 1809 til -18 var han sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen, busett i Hadsel. Der etter var han sorenskrivar 1818-29 i Inderøy og 1829-49 i Stjørdal og Verdal.

Klykken representerte Nordlands amtStortinget 1818 og Nordre Trondhjems amt i 1827 og på Omframtstortinget 1828. Til Omframstortinget 1822 møtte han som varamann for Ola Olsson Lånke frå 23. oktober. I 1818 var han sekretær i Odelstinget og medlem i elleve komitear, mellom dei formann i Likningskomiteen for Nordlands stift. På 1827-stortinget var han visesekretær i Odelstinget og sekretær i komiteen om skattestellet, budsjettet og brennevinsbrenninga og medlem i komiteen om reinskysslova og kanalanlegg i Helgeland. I 1818 var Klykken med i den deputasjonen Stortinget sende til kryninga av kong Karl Johan i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]