Peder Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Knudsen

Minnestein på Ålesund kyrkjegard.
Fødd1819
Død1863 (44 år)
OpphavNoreg
Instrumentorgel
Verka sommusikar, komponist

Peder Knudsen (fødd 14. november 1819 i Vågå, død 9. desember 1863 i Ålesund) var ein norsk organist. Han er kjend for å ha sett melodi til julesongen «Jeg er så glad hver julekveld»/«Eg er så glad kvar julekveld».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Peder var fødd på husmannsplassen Bakken ved Vågåmo, son til husmann og bygdesongar Knut Olsson Bakken og kona Anne Pedersdotter. Peder gjekk fyrst i skreddarlære før han reiste til Christiania for å utvikle sitt musikalske talent. I hovudstaden vart han teken opp i militærmusikken, der lærte han å spele fleire andre instrument enn fele, som var hans særlege instrument. Mellom anna spelte han under leing av fiolinisten Ole Bull. I Christiania hadde Peder Knudsen også kontakt med kordirigenten Johan Diederich Behrens.

Knudsen flytta så til Holmestrand og arbeidde som songinstruktør. I 1854 flytta han vidare til Kragerø, der han deltok i musikklivet som toneskapar og arrangør. Etter Ålesund by fekk eiga kyrkje i 1858 vart det oppretta organiststilling. Knudsen byrja i stillinga i 1859. Seinare same året sette han melodi til «Jeg er så glad hver julekveld», med tekst av Marie Wexelsen.

Knudsen døydde 44 år gammal og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Ålesund kyrkje. Kunnskapen om melodien til den nemnde julesongen gjekk tapt. Det var fyrst etter toneskaparen Per Bolstad kom over originalmanuskriptet i 1920-åra det vart allment kjent at Peder Knudsen var opphavsmann til melodien. Far til Per Bolstad, som òg heitte Per Bolstad, var ein ven av Peder Knudsen og hadde i si tid teke vare på saker og ting etter organisten.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I samband med Ålesund sitt 100-årsjubileum i april 1948 vart eit minnesmerke reist ved Ålesund kyrkje. Det viser Peder Knudsen sitt portrett i relieff og var utført av Ambrosia Tønnesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Iversen: «Den glade julesongen» i Sunnmørsposten 24. desember 1998.