Peder Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Lunde, til venstre, og Bjørn Bergvall med sine olympiske medaljar, 1960

Peder Lunde (fødd 9. februar 1942) er ein norsk forretningsmann og tidlegare seglar frå Oslo. Han er gift med Aud Hvammen.

Lunde var skipper på den norske båten som vann Flying Dutchmann-klassa under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma, med seg i båten hadde han Bjørn Bergvall. I Sommar-OL 1968 i Mexico-byen tok han sølv i Star-klassa. Sidan vart han nummer 6 i Tempest-klassa ved Sommar-OL 1972 i München og nummer 16 i Soling-klassa ved Sommar-OL 1976 i Montréal.

Lunde vart i 1960 tildelt Fearnleys olympiske ærespris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]