Peder Monrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Monrad
Fødd 22. september 1781
Død

3. august 1850

Yrke prest, politikar

Peder Monrad (22. september 17813. august 1850) var ein norsk prest, fødd i Vinje i Telemark. Han deltok på stortinget i 1833, og var far til Marcus Jacob Monrad.

Monrad vart fødd i Vinje, der faren var sokneprest. Han vart student frå katedralskulen i Kristiansand i 1801 og cand. theol. i København i 1807. Same året deltok han i forsvaret av København. Dei neste åra budde han i Vinje, der han vart vald til forlikskommissær i 1808. I 1810 vende han tilbake til København for å søke prestekall, levde åra 1810-14 av å undervise. Han vende i 1814 tilbake til Noreg, budde då hos presten Jakob WilleNøtterøy. År 1816 vart han utnemnd til sokneprest i Mo i Telemark. Sidan var han sokneprest i Sande 1827, i Heddal frå 1828, og i Holla frå 1832. Til sist var han sokneprest i Moss frå 1836 til han døydde.

Monrad var oppteken av skulestellet og måtehaldssaka. Han vart innvald frå Bratsbergs amt til Stortinget i 1833, i opposisjon til statsrådet. Der gjorde han seg gjeldande som medlem av Lagtinget og formann i trykkekomitéen.

Han døydde i Kristiania i 1850.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914