Peder Nilsen-Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Nilsen-Lund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1842
Død

23. november 1914 (72 år)

Yrke misjonær

Peder Eilert Nilsen-Lund (20. oktober 184223. november 1914) var ein norsk misjonær frå Steigen. Han vart kjend for sine oppdagingsreiser på Madagaskar og som ein tillitvekkande predikant.

Nilsen-Lund kom frå små kår i Salten og livnærte seg med fiskje til han var 19 år gammal. Etter han fullførte seminaret i Tromsø var han lærar i fire år. Sidan gjekk han misjonsskulen til Det norske misjonsselskap i Stavanger, før han i 1874 reiste til Madagaskar som misjonsprest. På Madagaskar arbeidde Nilsen-Lund i Ambato (Ambatofinandrahana), der han bygde opp ein kyrkjelyd fordelt på 60 landsbyar.

Nilsen-Lund var mykje musikalsk og gjorde misjonsstasjonen til ein songskule. Med songen vann han mange for kristendomen. Såleis la han grunnen for misjonsekspansjon, noko som opna det sørlege og austlege Madagaskar for norsk misjon. Reisene hans vekte oppsikt også på Madagaskar. Fyrsteministeren bad om ein rapport, det enda med ei bok om det sørlege Madagaskar med faktaopplysningar og skildringar av natur, folkeliv og ulike opplevingar.

I 1897 vende Nilsen-Lund heim til Noreg, då helsa svikta. Sidan var han ein etterspurd vekkingspredikant.

Nilsen-Lund var ein mangleta personlegdom. Han var både ein grublar, ein kunstar og ein handlekraftig drivar og pådrivar med eit brennande engasjement.

Han vart gravlagd i Cannes i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ove Sandvik