Peder Nielsen Hemb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peder Nilssen Hem)
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Nielsen Hemb
Fødd 23. februar 1782
Lardal
Død

1. september 1850
Lardal

Yrke politikar, bonde

Peder Nielsen Hemb (23. februar 17821. september 1850) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold.

Far til Hem var gardbrukar på Hem. Sjølv tok han i si tid over farsgarden og dreiv denne. Elles var han medlem av heradsstyret og varaordførar. Hem var stortingsmann 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 var han medlem av bankkomiteen, i 1842 av Lagtinget og militærkomiteen, i 1845 framleis i Lagtinget samt medlem av bankkomiteen.

Han døydde på garden sin i Lardal i 1850.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]