Olaus Alvestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peder Olaus Alvestad)
Olaus Alvestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. januar 1866
Hildrestranda
Død

12. oktober 1903 (37 år)

Yrke redaktør, skribent

Peder Olaus Alvestad (fødd 21. januar 1866 på Hildrestranda i Haram kommune, død 12. oktober 1903 på Voss) var ein norsk folkehøgskulelærar, avisredaktør og songbokredaktør.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alvestad arbeidde heime på farsgarden Ryssgard til han var bortimot 20 år gammal. Då gjekk han Romsdals Amtsskole som heldt til i Ørskog. Sommaren 1886 gjekk vegen til Asker seminar, der han tok lærareksamen i 1888. Frå Asker reiste han til eit lærarkurs på Viggo Ullmann sin folkehøgskule i Seljord. Åra 1888-90 var han lærar ved Sagatun Folkehøyskole ved Hamar. Deretter dreiv han i to år ein friskule (framhaldsskule) på Austnes i Haram, saman med den teologiutdanna sambygdingen Ole Elias Sønderland. 1892-94 underviste han ved folkehøgskulen i Seljord. Saman med Lars Eskeland grunnla han Voss folkehøgskule i 1895 og arbeidde der til 1902. Fram til 1899 var han medstyrar, sidan var Eskeland styrar åleine. I 1896 kjøpte Alvestad avisa Hordaland saman med Lorentz Nybø og redigerte ho til han døydde av tuberkulose i 1903.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1898 gav Alvestad ut Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag. Ho vart ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet, trykt i over 130 000 eksemplar dei fyrste tretti åra. Siste utgåve kom i 1998, då under namnet Songbok for folkehøgskolen, som ho hadde hatt sidan 1982. På folkemunne vart ho berre kalla «Songboka til Alvestad», og over halvparten av songane var på nynorsk. 17. mai 1906 vart det avduka ein minnestein på grava hans på Voss kyrkjegard. Same året vart det og reist ein bautastein på heimegarden hans på Hildrestranda.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Grøvik: Olaus Alvestad i Jul på Sunnmøre 1973

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]