Peder Olsen Helle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Olsen Helle
Fødd 22. februar 1843 (181 år)
Vistdal
Yrke musikar

Peder Olsen Helle (22. februar 184318. januar 1932), òg kjent som Helle-Pe og Klanet-Pe, var ein norsk gardbrukar, skogsarbeidar og spelmann som budde på garden SkausetErtvågsøyaNordmøre.

Peder var fødd i Vistdal i Romsdal. Familien hans kom til Skauset i Aure medan han var ungdom. Helle spela klarinett, eller «klanet» som det vart kalla på aurgjelling. Fyrst på 1800-talet var det mange klanetspelarar i Aure, men Helle vert rekna som den fremste og den siste av folkemusikklanetspelaren i Aure. Han spela ofte bruramarsjen i bryllaup og det finst fleire slåttar etter han. Så seint som i 1920 var han med i ein kappleik i Kristiansund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Orten, P.E., Den nye dagen gryr - Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000.
  • Kyrkjebøker for prestegjelda Nesset og Aure.
    Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.