Peder P. Næsheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder P. Næsheim
Fødd 4. februar 1870
Død

19. mars 1949 (79 år)

Peder Pedersson Næsheim (4. februar 187019. mars 1949) var ein norsk grosserar og politikar frå Stavanger. Han representerte partiet VenstreStortinget i to valperiodar.

Næsheim var son til ein bøkker. 14 år gammal byrja han som kontorist og handelsreisande, noko han var i 13 år. I 1898 starta han i heimbyen Stavanger opp eiga grossistforretning i mjøl- og kolonialvarer. Han var medlem av bystyret i Stavanger frå 1907 til -24. Elles hadde han ei mengd tillitsverv, både lokalt og nasjonalt.

Næsheim var perioden 1913-15 varamann til Stortinget frå Holmen krins i Stavanger. Han møtte i 1914 frå 10. mars i staden for Søren T. Årstad, medlem i Justiskomite nr 2. Valperioden 1916-18 var han den same einmannskrinsen sin faste representant på tinget, då som sekretær i Tollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]