Peder P. Spilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder P. Spilling
Fødd 15. februar 1840
Audnedal
Død

6. mai 1914
Vigmostad

Yrke politikar, bonde

Peder Pedersson Spilling (15. februar 18406. mai 1914) var ein norsk gardbrukar, utskiftingsmann, ordførar og stortingsmann frå Audnedal i Vest-Agder.

Spilling var son til ein gardbrukar. Han gjekk på amtet sin høgare allmennskule 1855-56. Seinare, 1861-62, fekk han privat undervisning hos utskiftingsformannen i amtet, og atter seinare hos ein oberstløytnant i Kristiansand.

Spilling tok over farsgarden i 1865 og dreiv han til 1910. 1896-1910 var han i tillegg utskiftingsformann i det som i dag er Vestfold, Telemark og Agder-fylka, samt 1897-1906 styrar av skjønnsforretningar i Lister og Mandals amt og i Romsdals amt.

Han var ordførar i heradsstyret 1879-1904. Elles var han forlikskommissær frå 1884 og formann i amtsskulestyret frå 1896. Vidare var han formann i Vest-Agder skogselskap 1902-12, og hadde tidlegare vore medlem av styra for både amtet sin landbruksskule og sjukehuset i amtet.

Spilling var 1. representant frå Lister og Mandals amt på Stortinget 1877-79. Han var medlem av næringskomite nr 2. I 1878 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om utskipinga.

Spilling var innehavar av St. Olavs Orden.

Peder E. Spilling, som også var stortingsrepresentant, var sonen hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]