Peder Palladius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peder Palladius
Petrus palladius.jpg
Fødd 1503
Ribe
Død

3. januar 1560
København

Peder Palladius på Commons
Peder Palladius

Peder Palladius eller Peder Plade (15031560) var ein dansk teolog, prest og biskop under reformasjonen.

Skolegang og studie[endre | endre wikiteksten]

Peder Palladius var fødd i Ribe i Danmark. Han byrja skolegangen sin i Ribe og fortsette han i Assens og Roskilde. I 1531 kom han til Wittenberg, der han studerte til magister i 1533 og doktor i teologi i 1537. Her kom han òg i kontakt med Philipp Melanchthon og Johannes Bugenhagen.

Evangelisk-luthersk reformator[endre | endre wikiteksten]

Peder Palladius vart den første evangelisk-lutherske superintendenten eller biskopen i Sjællandreformasjonen vart innført i Danmark-Noreg i 1537. Peder Palladius var ein flittig og viktig person som arbeidde med å innføre den nye læra. Det var oppgåva hans å forklare det nye kyrkjesynet for kyrkjelydene han visiterte. I dette arbeidet bruka han bondevit, men han diskuterte ikkje med kyrkjelyden. Han talte mot gammal misbruk og grunna det nye utan teologisk spissfinderi. Folk skulle ikkje lenger be for dei døde, skjærselden var ikkje meir, men helvete var like fullt ein del av læra.

Palladius skreiv, omsette eller let trykke ei rad andre skrift som tok sikte på å fremje sunn evangelisk-luthersk opplysning og ei rett ordning av gudstenesta. Blant dette var Den lille danske Katekismus (1537) (etter Luther), En Haandbog for Sognepræster til evangelisk Kirketjeneste (1538) (etter Luther), ei dansk omsetjing av Kyrkjeordinansen (1539) og En ret enfoldig Bedebog (1541) (etter Luther). Mange av bøkene vart trykte i nye opplag.

Christian IIIs danske bibel, 1550

Det største arbeidet hans var revisjonen av bibelomsetjinga og utgjevinga av Christian IIIs danske bibel.

I 1556 utgav han den altarboka som lenge etter vart bruka i den dansk-norske kyrkja.

Han skreiv òg salmar, ein av dei er trykt som nr 556 i Norsk salmebok.

Palladius døydde berre 56 år gammal, fem år etter at han fyrste gong vart råka av eit slagtilfelle. Familieforholda hans er lite kjende – han vart gift med Kirstine (Pedersdotter), men det er ikkje kjend om dei hadde barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på artiklane i bokmål og dansk wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!