Peder Rygh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Rygh
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. august 1800
Overhalla
Død

15. april 1868 (67 år)
Verdal kommune

Yrke bonde, politikar, lensmann
Språk norsk

Peder Strand Rygh (7. august 180015. april 1868) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Overhalla. Oluf, Karl og Evald Rygh var sønene hans.

Rygh var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1826. Han arbeidde på futekontoret i Inderøy, der han etter kvart var fullmektig og så fungerande sorenskrivar. Frå 1832 var han lensmann i Verdal. Fire fyrste lensmannsåra budde han på Stiklestad, seinare på garden Haug som han kjøpte.

Rygh representerte Nordre Trondhjems amtStortinget periodane 1839-45, 1854-58 og 1862-66. Både i 1851 og 1859-60 vart han vald til representant, men nekta å take mot val. I alle åra som stortingsmann var han medlem av Lagtinget, visesekretær 1839-45. Elles medlem av justiskomitear 1839-45, 1862-63 og 1865-66, av komiteen om lensmannslova 1845, og han var sekretær i vegkomiteen 1854-57. I tillegg var han medlem av nokre komitear kring enkeltsaker.

Rygh døydde på garden sin i Verdal i 1868.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914