Peder Sølling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Sølling
Fødd 1758
Død

1827

Peder Norden Sølling (17581827) var ein dansk-norsk sjømann og båtkonstruktør. Han er kjend for å ha skaffa norske losar båtar med dekk.

Peder Sølling var fødd i Kristiansand. I 1760 flytte faren, som var dansk, attende til København der Peder voks opp. 16 år gamal gjekk han til sjøss, og var 24 år i Det Ostindiske kompani. Som sjømann vart han fleire gonger liggande vérfast i norske hamner. Vinteren 1779 måtte han overvintre i Kleven ved Mandal. Her fekk han god kjennskap til losane sin arbeidsforhold, og kor mange av dei som miste livet på havet. Etter Sølling sitt syn var det bruken av opne båtar som var grunnen til dette.

I 1798 mønstra han av i England. Han kjøpte ein heildekka båt som han segla til København og viste fram. Året etter segla han til Noreg med kongen si godkjenning om å bygge tre dekka losbåtar. Den første losbåten vart, mot losane sin vilje, tvangsstasjonert på Svenner losstasjon.Losane ville ikkje ha dei, truleg mest på grunn av kostnadane det førte med seg. Det gjekk ikkje lang tid for losane såg kor mykje tryggare dekka båtar var.

Sølling budde i Larvik i tidsrommet 1801 - 1815. Han heldt kurs for båtbyggarar i bygging av dekksbåtar. Sjølv var han med eigar i eit båtbyggeri som bygde 29 båtar i dette tidsrommet. Kvar sommar segla han langs kysten for å demonstrere dekksbåt for losane. Desse losbåtane var helst 25 - 30 fot lange. Dei hadde kutterrigg og vart rekna som dei beste seglarane i Noreg på den tid. Under Napoleonskrigane, særleg etter bombinga av København i 1807, var det behov for raske båtar til posttransport. Nokre av dei dekka losbåtane var rekvirerte til kaperverksemd mot engelske handelsfartøy.

Etter 1814 måtte alle offiserar sverje truskap til kong Karl Johan. Dette godtok ikkje Peder Sølling, og flytte attende til Danmark. I 1819 starta han Stiftelsen Bombebøssen, og som arbeidde for velferda til danske sjøfolk, og som enno er i drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arne R. Hole: Båter og Kystfolk, Aschehoug, 2007.
  • Fredrik Denneche:Lystbåter og Kappseilas. Seilsporten kommer til Norge. Oslo 1981
  • Hartvig W. Dannevig og Jo van der Eynden:Skagerak. Fiskerens historie Gyldendal Norsk Forlag 1986