Peder T. Aas
Utsjånad
| Peder T. Aas | |||
| Fødd | 22. juli 1854 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 2. mai 1919 (64 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Peder Tjøstolvsson Aas (22. juli 1854–2. mai 1919) var ein norsk lærar og gardbrukar frå Vegårshei i Aust-Agder. Han representerte Holt krins i Stortinget 1906-09, røysta med Samlingspartiet.
Aas var seminarist 1873 frå Holt seminar. Han var 1874-77 lærar i Vegårshei. Saman med ein bror dreiv han farsgarden 1877-82. I 1882 kjøpte han garden Rød i Søndeled og budde der resten av livet. Han var medlem i heradsstyret i mange år, heilt til han døydde. 1889-95 var han ordførar i Søndeled. Han var elles forlikskommissær 1894-1907, medlem i amtsskulestyret 1896-1912, og i mange år styreleiar i den lokale sparebanken.
Hausten 1906 vart Aas vald til å representere einmannskrinsen Holt i stortinget. På Tinget var han medlem i Landbrukskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Tvedestrandsposen 7. mai 1919