Peder Tollefsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Peder Tobias Tollefsen (17. september 18642. april 1947) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Porsgrunn. Han var stortingsmann 1919-21 for partiet Høgre.

Tollefsen var son til ein styrmann, mor hans dreiv handel etter ho vart enke. Sjølv var han midt på 1880-talet handelsbetjent i tre år i Halden, sidan i elleve år i heimbyen. I 1895 etablerte han eiga manufakturforretning i Porsgrunn, dreiv denne i lang tid.

Tingperioden 1916-18 var Tollefsen varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Porsgrunn, møtte ved to høve. Den neste valperioden, 1919–21, representerte han same valkrinsen, han var då medlem i Justiskomiteen.

Frå 1917 til 1931 var Tollefsen medlem i Porsgrunn bystyre, dessutan hadde han mange andre kommunale verv. Elles var han styreleiar 1929-33 i Porsgrunds Sparebank, leiar av handelsforeininga i byen og med i styringa av Porsgrunds Handelsbank.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]