Pedra da Gávea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 22°59′48″ S 43°16′55″ W
Pedra da Gávea
fjell
none  Pedra da Gávea.
Pedra da Gávea.
Land Flag of Brazil.svg Brasil
Fjellkjede Tijuca
Topp Tijucaskogen, Barra da Tijuca, Rio de Janeiro
 - høgd 844 moh
 - koordinatar 22°59′48″ S 43°16′55″ W
Relief Map of Brazil.jpg
Locator Red.svg

Pedra da Gávea er eit fjell i Tijucaskogen i Rio de Janeiro i Brasil. Det består av granitt og gneis og har ei høgd på 844 meter over havet, noko som gjer det til eit av dei høgaste fjella i verda som endar brått i havet.[1] Stiar på fjellet vart opna av lokale bønder tidleg på 1800-talet. I dag er området ein del av Tijuca nasjonalpark.[2]

Namnet på fjellet tyder «Toppseglberget» og vart gjeven under ekspedisjonen til kaptein Gaspar de Lemos, som byrja i 1501. Samstundes fekk Guanabarabukta namnet Rio de Janeiro-bukta, som byen sidan fekk namn etter. Fjellet, som vart det første i Brasil som fekk namn på portugisisk, vart namngjeven av sjømennene på ekspedisjonen, som samanlikna siluetten av fjellet med toppseglet på ein karakk då dei såg fjellet 1. januar 1502. Namnet vart igjen gjeve til Gávea-området i byen Rio de Janeiro.[3]

Ulik forvitring på den eine sida av fjellet har skapt det som er skildra som eit menneskeandlet. Merke på ei anna side av fjellet har vorte skildra som ein inskripsjon. Somme forskarar, inkludert den brasilianske arkeologen Bernardo de Azevedo da Silva Ramos, har hevda at inskripsjonen er av fønikisk opphav og eit mogeleg bevis på førcolumbisk kontakt frå antikken. Alternative teoriar er at det låg ein vikingkoloni ved fjellet eller at han er knytt til UFO-aktivitet. Geologar og forskarar er stort sett samde om at «inskripsjonen» er eit resultat av erosjon og at «andletet» er eit tilfelle av pareidoli. Det er ikkje funne besvis som støtta opp om ideen om at Pedra da Gávea vart oppdaga eller hamdsama av fønikiarar eller andre sivilisasjonar. Konsensus blant arkeologar og forskarar i Brasil er i tillegg at fjellet ikkje vert rekna som ein arkeologisk stad.

Geologi og økologi[endre | endre wikiteksten]

Fjellet ligg i Tijucafjella,[4] og har ei høgd på 844 meter over havet, forma som ein granittdom.[2] Den flate toppen på fjellet er dekka av eit 150 meter høgt granittlag, med gneis under.[5][6] Gneislaget har ein alder på kring 600 millionar år. Strukturen vart danna då granitoidar trengde inn i metasedimentære bergartar.[4]

Fjellet er dekka av sitron-, appelsin-, brødfrukt-, banan- og papayatre trees, i tillegg til liljer og roser.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. de Menezes Medina, Antonio Ivo; Shinzato, Edgar. «Pedra da Gávea» (på Portuguese). Geological Survey of Brazil (Companhia de Pesquisa de Recursos Minerais). http://www.cprm.gov.br/geoecoturismo/pedra_gavea/excursaovirtual.html. Henta 14. januar 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Pedra da Gávea». SummitPost.org. http://www.summitpost.org/pedra-da-g-vea/150534#_/term_. Henta 14. januar 2014. 
  3. «Pedra da Gávea e a mística Cabeça do Imperador» (på portugisisk). Montanhas do Rio. montanhasdorio.com.br. 2004. http://www.montanhasdorio.com.br/principal_destaque.cfm?contador=11. Henta 14. januar 2014. 
  4. 4,0 4,1 Jones, Fred (1973). «Landslides of Rio de Janeiro and the Serra das Araras Escarpment, Brazil». Geological Survey Professional Paper (University of California) 697–699: 11. 
  5. Migoń (2010), s. 93.
  6. Twidale (1982), s. 74.
  7. Clark, T. Cooper (1922). «The XXth International Congress of Americanists». The Pan-American Magazine and New World Review (Indiana University) 36: 286–287.