Pedro Américo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pedro Américo
Pamerico.JPG
Fødd 29. april 1843
Areia
Død

7. oktober 1905
Firenze

Pedro Américo de Figueiredo e Melo (29. april 18437. oktober 1905) var ein brasiliansk kunstnar, forfattar, akademikar og politikar. Han er best kjend for måleria sine i akademisk stil, ofte med nasjonalt tilsnitt, som Batalha de Avaí (Slaget ved Avaí), Fala do Trono ('Keisartalen'), Independência ou Morte! ('Sjølvstende eller døden!') og Tiradentes esquartejado ('Tiradentes kvartert').

Liv[endre | endre wikiteksten]

Américo var fødd i Areia i Paraíba nordaust i Brasil. Han var rekna som eit vidunderbarn med tidlege evner til å teikna.

Han kom til Rio de Janeiro i 1854, der han etterkvart blei teken inn ved kunstakademiet Academia Imperial de Belas Artes (AIBA). Seinare fortsette han studiane sine i Europa. I 1859 byrja han ved École des Beaux-Arts i Paris, der han var elev av Jean-Auguste-Dominique Ingres, Léon Cogniet, Hippolyte Flandrin og Sébastien-Melchior Cornu.[1][2][3] Han hadde eit stipend som sa at han skulle følgja den akademiske stilen og senda verk tilbake til Brasil etterkvart, både aktstudiar og kopiar av meisterverk. Américo fekk stor ros for måleria sine og vann to prisar, men var ikkje interessert i større salongutstillignar. I staden studerte han fleire disiplinar, som fysikk, arkeologi, teologi, litteratur og filosofi, og var på førelesingar av Victor Cousin, Claude Bernard og Michael Faraday.[4][5] Han blei også immatrikulert ved Université Libre de Bruxelles i 1862, men gjekk sjeldan på førelesingane.[6][4][2]

På denne tida byrja han utvikla tankar om melloom anna korleis kunsten kunne driva samfunnsutviklinga.[7][4] Under europaopphaldet sitt vitja han også Salon des Refusés i Paris, der han blei kjend med dei før-modernistiske tendenesane i europeisk kunst.[4] Han vitja ei rekkje europeiske land, fleire av dei til fots, som Damark, Storhertugdømet Baden, Nederland, Skottland, dei greske øyane og Sicilia, og drog også til Marokko og Algerie.

Han tok doktorgrad ved Universitetet i Brussel i 1868 og fekk ei professorstilling der. Samstundes blei han pressa av brasilianske styresmakter om å koma tilbake til Brasil for å ta opp professoratet sitt ved AIBA.[6][7][4][1][5]

I 1890 vende Américo tilbake til Brasil via Portugal. Her gifta han seg med Carlota de Araújo Porto-alegre (1844-1918), dottera til den brasillianske konsulen i Lisboa Manuel de Araújo Porto-alegre, som også var målar. Paret fekk tre barn saman.

Etter å ha kome tilbake til Brasil laga Pedro Américo fleire nasjonalistiske måleri som er blitt svært kjende i landet. Han drog fram og tilbake mellom Brasil og Europa, og måla eit av sitt best kjende verk, Independência ou Morte! ('Sjølvstende eller døden!'), i Firenze. Måleriet viser tidspunktet der prins Pedro, seinare keisar Pedro I av Brasil, dramatisk erklærer sjølvstende frå Portugal i 1822.

Galleri[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zaccara, Madalena. "Aspectos da trajetória do Romantismo no Brasil: Pedro Américo de Figueiredo e Mello". In: Zaccara, Madalena & Pedrosa, Sebastião. Artes Visuais: Conversando Sobre. Editora Universitária UFPE, 2008. pp. 45-56
  2. 2,0 2,1 "Américo, Pedro (1843 - 1905): Comentário crítico". In: Enciclopédia Itaú Cultural, 09/06/2010
  3. "Américo, Pedro (1843 - 1905)". In: Enciclopédia Itaú Cultural, 07/11/2005
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Barros, Francisca Argentina Gois. A Arte como Princípio Educativo: uma nova leitura biográfica de Pedro Américo de Figueiredo e Melo. Tese de Doutorado em Educação. Universidade Federal do Ceará, 2006, s/pp.
  5. 5,0 5,1 Guimarães Júnior, Luís. "Um Millionario de Glorias: Noticia Biographica sobre Pedro Americo". In: Américo, Pedro. O Foragido, 1890, pp. ix-lii
  6. 6,0 6,1 Lobato, Monteiro. Ideias de Jeca Tatu. Globo Livros, 2011, s/p.
  7. 7,0 7,1 Machado, Vladimir. 1871: A fotografia na pintura da Batalha de Campo Grande de Pedro Américo. Rio de Janeiro, 2006, v-vi (edição do autor)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pedro Américo