Peek-a-Boo av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peek-a-Boo
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Peepshow
B-side «False Face», «Catwalk»
Utgjeve 18. juli 1988
Innspelt 1988
Sjanger
Lengd 3:10
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent Siouxsie and the Banshees / Mike Hedges
Siouxsie and the Banshees-kronologi
«Song from the Edge of the World»
(1987)
Peek-a-Boo «The Killing Jar»
(1988)


«Peek-a-Boo» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1988 som den første singelen frå det niande albumst deira, Peepshow.

Melody Maker skildra songen som «ei uventa blandinga av svart stål og popforstyrringar» og meinte songen høyrte til sjangeren «1930-tals hiphop».[2] «Peek-a-Boo» vart kåra til vekas singel i både Sounds og NME. Sounds skreiv at det var «eit modig grep», «leiken og mystisk».[3] NME skidlra han som «Orientalsk marsj-hip hop» med «fengande trekkspel.»[4]

PopMatters plasserte sidan songen på 18. plassen på lista si over dei 100 beste alternative singlane frå 1980-åra og meinte instrumenteringa var nyskapande med genial phasing-effekt på vokalen.[5]

Rapartisten Sir Mix-a-Lot brukte element av songen på albumet Seminar i 1989.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1988) Plassering
Irland (IRMA)[6] 18
UK Singles (Official Charts Company)[7] 16
US Billboard Hot 100[8] 53
US Alternative Songs (Billboard)[9] 1
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[10] 14

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rutherford, Kevin (11. oktober 2018). «Why Foreign Acts Dominated the Alternative Songs Chart From the Start, & Why the U.S. Caught Up». Billboard. Henta 19. januar 2020. 
  2. Mathur, Paul. «Born Again Savages». Melody Maker. 9. juli 1988.
  3. Mal:Cite work
  4. Quantick, David. «Single of the week». NME. 23. juli 1988
  5. Gerard, Chris. «The 100 Greatest Alternative Singles of the '80s». Pop Matters. 27. august 2020. Henta 27. august 2020
  6. "The Irish Charts – Search Results – Peek-a-Boo". Irish Singles Chart. Retrieved 27. august 2020.
  7. "juli 1988/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 27. august 2020.
  8. "and the Banshees?f=379&g=Singles Siouxsie and the Banshees Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Siouxsie and the Banshees. Prometheus Global Media. Henta 27. august 2020.
  9. "and the Banshees?f=377&g=Singles Siouxsie and the Banshees Album & Song Chart History" Billboard Alternative Songs for Siouxsie and the Banshees. Prometheus Global Media. Henta 27. august 2020.
  10. "and the Banshees?f=359&g=Singles Siouxsie and the Banshees Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Siouxsie and the Banshees. Prometheus Global Media. Henta 27. august 2020.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]