Peg av Steely Dan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peg
Singel av Steely Dan
frå albumet Aja
B-side I Got the News
Utgjeve November 1977
Innspelt 1977
Sjanger Jazzrock
Lengd 3:57
Selskap ABC
Låtskrivar(ar) Walter Becker, Donald Fagen
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi
«Haitian Divorce»
(1976)
Peg «Deacon Blues»
(1977)


«Peg» er ein song av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan, først gjeven ut i 1977 på albumet Aja. Songen kom ut på singel i 1977 og nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard-lista i 1978 og åttandeplassen på Cash Box-lista.[1] Han låg 19 veker inne på lista, like lenge som «Rikki Don't Lose That Number» og «Hey Nineteen», to andre singlar av Steely Dan. I Canada låg «Peg» tre veker på sjuandeplassen i mars 1978.[2]

AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine skildra «Peg» som «solskins-pop» med «lag av jazza vokalharmoniar»,[3] medan musikkeksperten Stephen K. Valdez kalla det ein blanding av jazz og rock.[4]

Det var fleire studiogitaristar som prøvde seg på gitarsoloen, inkludert Robben Ford og Larry Carlton, før det vart versjonen til Jay Graydon som vart nytta til slutt.[5] Han arbeidde på songen i kring seks timar før bandet var nøgd.[6]

Michael McDonald syng korvokal på refrenget og ein kan høyre klaverspelaren Paul Griffin snakke og improvisere korvokal på det siste refrenget og uttoninga av songen.[7]

Pitchfork kåra «Peg» til den 87. beste songen frå 1970-åra, og skildra det som «den perfekte Steely Dan-songen og ein av dei raraste hittane som nokon gong har nådd så høgt.»[5] Trommeslagaren Rick Marotta meinte «Peg» var ein av dei beste songane han nokon gong hadde spelt på.[8]

«Peg» vart kraftig sampla i 1989 på De La Soul-songen «Eye Know». I 2007 vart songen spelt av Nerina Pallot og i 2014 av Donny Osmond.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977–78) Plassering
US Billboard Hot 100[1] 11
US Billboard Adult Contemporary 30
US Cash Box Top 100[9] 8
Canadian RPM Top Singles[2] 7

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
US Billboard Hot 100[10] 62
Canada[11] 67

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Steely Dan USA chart history, Billboard.com. Henta 10. januar 2021.
  2. 2,0 2,1 «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 2015-11-25. Henta 15. januar 2021. 
  3. Erlewine, Stephen Thomas. «Aja - Steely Dan». AllMusic. Henta 18. november 2019. 
  4. Valdez, Stephen K. (2006). A History of Rock Music (4th utg.). Kendall/Hunt Publishing Company. s. 381. ISBN 0757533795. 
  5. 5,0 5,1 «The 200 Best Songs of the 1970s - Page 6 | Pitchfork». pitchfork.com. Henta 15. januar 2021. 
  6. Schonfeld, Zach (24. september 2017). «Steely Dan's 'Aja' at 40: The Inside Story of the Band's Most Legendary Guitar Solo». Newsweek. Henta 15. januar 2021. 
  7. Classic Albums DVD: Aja
  8. Russ Harris (4. august 2008), Peg - Steely Dan - The Making Of, henta 15. januar 2021 
  9. Cash Box Top 100 Singles, 11. mars 1978
  10. «Top 100 Hits of 1978/Top 100 Songs of 1978». Musicoutfitters.com. Henta 15. januar 2021. 
  11. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. Henta 15. januar 2021. 
  12. Original 1977 Album liner notes

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]