Peggy Anita Hessen Følsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peggy Hessen Følsvik)
Peggy Anita Hessen Følsvik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. november 1960 (63 år)
Vigra
Yrke fagforeiningsleiar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Peggy Anita Hessen Følsvik på Commons

Peggy Anita Hessen Følsvik[1] (fødd 12. november 1960) er ein norsk fagforeiningsleiar som sidan mars 2021 har vore leiar av LO.

Ho vart vald til 1. nestleiar i LO på LO-kongressen i 2017.[2] Ho vart fyrst konstituert som leiar etter at dåverande LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen døydde brått. Følsvik vart seinare valt til å leia organisasjonen fram til 2025.[3][4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Følsvik voks opp på eit småbruk på Vigra ved Ålesund. Ho viste lita interesse for gardsarbeid og fekk sumarjobb på Ålesund lufthamn, Vigra, og melde seg samstundes inn i fagforeininga Handel og Kontor. Ho fór så til Volda, der ho byrja på engelsklinja ved Volda vidaregåande skule og fekk deltidjobb ved flyplassen på Hovden. Ho fekk dinest jobb som kabinpersonale i Widerøes Flyveselskap, før ho flytta med sin komande ektemann til Nederland.[4]

Dei flytta dinest heim til Bærum, Noreg. Følsvik fekk jobb i Braathens SAFE, der ho vart heiltidstillitsvald i 1998. I 2001 vart ho sentral i kampen for rettane til dei tilsette, då Braathens SAFE vart kjøpt opp av SAS. Igjennom fleire års arbeid i rettssystemet med tap i både tingretten og lagmannsretten vann LO fram, då saka vart ført for Høgsterett. Den 31. januar 2006 vann LO fram etter ein samrøystes dom.[4]

Følsvik var under tida valt til nestleiar i Handel og Kontor i Noreg i 2004 og var 1. sekretær i LO frå 2013 til 2017.[5][6] I perioden mellom 2017 og 2021 var Følsvik fyrste nestleiar i LO.[7][8] I 2017 vart ho valt som nestleiar i LO med Hans-Christian Gabrielsen som leiar. Etter at Gabrielsen døydde i 2021, har ho leia LO.

Følsvik er gift med Håvard Garseth, CEO i Aker Energy.[9] Dei er busette i Bærum og har to vaksne døtrer.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «LANDSORGANISASJONEN I NORGE: Roller – Daglig leder.». Brønnøysundregistrene. 
  2. «Hans-Christian Gabrielsen: – Jeg vil være hele LOs leder» (på norsk bokmål). 11. mai 2017. 
  3. Lene Svenning (27. mars 2021). «- Det har aldri vært noe mål for meg å bli LO-leder». frifagbevegelse.no. Henta 6. juni 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «LO-kongressen 2022 - Hun skal lede LO fram til 2025. Bli kjent med Peggy Hessen Følsvik». frifagbevegelse.no. 3. juni 2022. Henta 6. juni 2022. 
  5. 60 års omtale i Aftenposten 12. november 2020
  6. Terje Holtvedt: Etterfølgeren - Portrettintervju med Peggy Hessen Følsvik i Aftenposten/Lørdag 10. april 2021
  7. «Hans-Christian Gabrielsen: – Jeg vil være hele LOs leder» (på norsk bokmål). 11. mai 2017. Henta 11. mai 2017. 
  8. Dag Eivind Undheimn Larsen: Forhandleren - Portrettintervju i Klassekampen 6. mars 2021
  9. «Håvard Garseth». Aker Energy (på engelsk). Arkivert frå originalen 18. september 2021. Henta 18. september 2021. 
  10. Lene Svenning. «I fremste rekke» (på norsk bokmål). HK-Nytt. Henta 17. september 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Peggy Anita Hessen Følsvik