Peggy Sue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peggy Sue
Singel av Buddy Holly
frå albumet Buddy Holly
B-side

«Everyday»

Språk engelsk
Utgjeve 20. september 1957
Innspelt 29. juni og 1. juli 1957, Clovis i New Mexico
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:29
Selskap Coral 9-61885
Komponist Buddy Holly, Jerry Allison, Norman Petty
Tekstforfattar Buddy Holly
Låtskrivar(ar) Buddy Holly, Jerry Allison, Norman Petty
Produsent Norman Petty
Buddy Holly-kronologi 
«That'll Be the Day»
(1957)
Peggy Sue «Love Me»
(1958)


«Peggy Sue» er ein rock and roll-song skriven av Buddy Holly, Jerry Allison og Norman Petty, og spelt inn og gjeven ut på singel av Holly tidleg i juli 1957. Crickets er ikkje nemnt på etiketten til singelen (Coral 9-61885),[1] men bandmedlemmane Joe B. Mauldin (kontrabass) og Jerry Allison (trommer) var med på innspelinga.[2] Denne innspelinga vart òg gjeven ut på Holly-albumet Buddy Holly i 1958.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg kalla «Cindy Lou», etter niesa til Holly, dottera til systera Pat Holley Kaiter. Tittelen vart seinare endra til «Peggy Sue», etter Peggy Sue Gerron, som var kjærasten (og den framtidige kona) til Jerry Allison, trommeslagaren i The Crickets, etter ein kort periode då paret hadde slått opp.[3]

Allison hadde ei markant rolle i produksjonen av songen og spelte såkalte «paradidlar» på trommene gjennom heile songen, medan trommelyden tonar inn og ut som lydteknikarane til produsenten Norman Petty gjorde i sanntid under innspelinga.

I starten var berre Allison og Petty oppførte som låtskrivarar av songen.[1] Etter at Allison insisterte vart Holly lagt til som låtskrivar etter at han døydde. Joe B. Mauldin (kontrabass) og Allison (trommer) var med på innspelinga.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Peggy Sue» nådde tredjeplassen på Billboard Top 100 i 1957.

Songen er rangert på 194. plassen på lista til Rolling Stone frå 2004 over dei 500 beste songane gjennom tidene, og på den oppdaterte lista frå 2010 var han på 197. plassen. Han er rangert på 106. plassen på lista til Acclaimed Music og den tredje beste songen frå 1957.[4] I 1999 inkluderte National Public Radio (NPR) songen på NPR 100-lista si, ei liste over «dei 100 viktigaste amerikanske songane på 1900-talet».[5] Songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1999.[6]

Rock and Roll Hall of Fame and Museum inkludere songen på lista «Songar som forma rock and roll».[7]

«Peggy Sue Got Married»[endre | endre wikiteksten]

Holly skreiv ein oppfølgjar, «Peggy Sue Got Married», og spelte inn ein demoversjon av songen i leilegheita si i New York City den 5. desember 1958, med berre han sjølv på gitar.[8] Lydbandet vart oppdaga etter at han døydde og «forbetra» for utgjeving på plate med korvokal og ein elektrisk gitar, som nesten druknar originalgitaren og røysta til Holly. Den sjeldne originalinnspelinga kom ut på vinylsamlinga The Complete Buddy Holly. Han vart seinare spelt over opninga av Kathleen Turner-filmen Peggy Sue Got Married frå 1986.[9]

Etter at Holly døydde gav The Crickets ut sin eigen versjon av songen på singel i 1960. Dei følgde arrangementa til originalen, med David Box, som hadde likande røyst som Holly, på vokal.[10]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Singel[endre | endre wikiteksten]

Liste (1957) Plassering
Billboard[11] 3
UK Charts[11] 6
Canada[11] 4
Liste (1958) Plassering
Nederland[12] 5
Belgia[13] 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]