Peiling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Peiling er i navigasjonsamanheng, «det å ta sikte på noko» – eller med andre ord det å finna retninga til noko ved hjelp av eit kompass eller anna dertil eigna peileinstrument. Radar kan til dømes brukast til å finna både peiling og avstand, eller ein kan peila via ein azimutspegel, som er montert på ein gyrorepeater eller kompassrepeater. Omgrepet vert helst nytta i navigasjon, der ein ofte peilar fastpunkt, som landtoningar (fjelltoppar, dalar, jarnbaneknutepunkt etc.), fyrtårn eller mot andre fartøy – det vera seg fly eller båtar.

Ein peiling kan vera relativ eller sann. Sistnemnde tyder at ein nyttar nord som referanse, og dermed har eit fast punkt å navigera etter. Ei peiling kan dessutan vera krysspeiling, eller ei enkeltpeiling. Ei krysspeiling er ein peiling som har minst to avlesingar, slik at ein kan avgjera posisjonen sin i tilhøve til to fastpunkt. Fastpunkt er objekt med kjend posisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hans L. Dragsnes og Norvald Kjerstad: Navigasjon og navigasjonsmiddel – fordypning i nautiske fag og fiskerifag – Gyldendal yrkesopplæring 2000. ISBN 978-82-00-45040-5