Peki'in

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peki'in
פְּקִיעִין, البقيعة, Peqi'in
kommune
Namneopphav: Den vesle dalen (mellom fjella)[1]
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°58′27″N 35°19′53″E / 32.97417°N 35.33139°E / 32.97417; 35.33139
Areal 3,6 km²
Folketal 5 200  (2013)
Folketettleik 1 444 / km²
Kart
Peki'in
32°58′37″N 35°20′04″E / 32.9769°N 35.3344°E / 32.9769; 35.3344
Wikimedia Commons: Peki'in

Peki'in (òg skrive Peqi'in, hebraisk פְּקִיעִין eller Buqei'a, arabisk البقيعة) er ein drusar-by og lokal kommune i Det nordlege distriktet i Israel. Han ligg 8 km aust for Ma'alot-Tarshiha i Øvre Galilea. I 2013 var folketalet 5 200.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

I følgje Talmud gøymde rabbien Shimon bar Yochai og sonen hans Elazar ben Shimon seg i ei grotte for romarane her i 13 år etter Bar Kochba-opprøret mot det romerske styret. I følgje soga levde Shimon og sonen av kjeldevatn og frukt frå eit mirakuløst johannesbrødtre i åra dei gøymde seg, og brukte tida på å lese Toraen.[3]

Peki'in er ofte nemnt i historiske kjelder som eit jødisk samfunn som heldt til her sidan tida kring Det andre tempelet.[4]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Jødar i Peki'in, kring 1930.

I 1596 stod Peki'in oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 77 muslimske hushaldningar og sju muslimske ungkarar, og 79 jødiske hushaldningar. Han betalte skattar av eit spesialprodukt (kalla dulab harir), enkelte inntekter, geiter og/eller bikubar, ei presse for oliven eller druer og jizya.[5]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen og skildra han slik: «Folketalet er 600—drusarar, grekarar, skismatiske grekarar, og nokre få jødiske familiar, som meiner dei avstammar frå dei gamle innbyggjarane i landet. Kvar sommar kjem hundrevis av jødar her frå Tiberias for å sleppe unna den verste varmen. Dei fleste av desse jødane kjem opphavleg frå Europa, og er lukkeleg for å ha funne dei siste innfødde jødane frå eldgamle tider. Ved Bukeiah dyrkar dei takka vere to kjelder frå åssida deilige hagar. Her veks det frukttre i av alle slag i terrasane som er heldt oppe av murar som truleg er eldgamle, frukter som sitronar, appelsinar, granateple, fiken, kvedeeple og morbærtre. Vindruene trivs særs godt, noko ein kan sjå på dein enorme stammene. Grekarane har ei lita kyrkje, som eg fann stengd. Dei skimastiske grekarane har òg ei kyrkj som har erstatta ei langt eldre kristen heilagdom. Berre nokre få utskorne steinar og ei søyle finst att av den gamle kyrkja. Jødane bed i ei synagoge av nyare dato.»[6]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som «Ein god landsby, bygd av stein, med eit kapell og ei synagoge. Her bur kring 100 muslimar, 100 kristne, 100 drusarar og 100 jødar. Han i ei lita åsside, med hagar, fiken, oliven, granateple og dyrkbar mark.

Det ligg ei god kjelde i landsby, og to andre kjelder ligg i nærleiken. Dette er den einaste staden der jødane dyrkar jorda. Dei seier ho har gått i arv frå forfedrane deira attende i uminnelege tider.»[7]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Al Buqai'a eit folketal på 652; 70 muslimar, 63 jødar, 215 kristne og 304 drusarar,[8] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 190 busette hus og ein total folkesetnad på 799 med 71 muslimar, 52 jødar, 264 kristne og 412 drusarar.[9]

I 1936 tvang arabararopprøra jødane i Peki'in til å forlate heimane sine for tryggare staer i landet. Berre få av dei vendte attende.[4]

I 1945 var folketalet 990, alle arabarar, som eigde 10 276 dekar, medan jødane eigde 189 dekar, og 3 731 var i offentleg eige, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 598 for plantasjar og irrigert land, 3 424 for korn,[11] medan 40 dekar vart klassifisert som utbygde område.[12]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Drusarkvinner i Peki'in i 2011.

I juli 2006 vart Peki'in råka av ein Katyusha-rakett avfyrt av Hizbollah, og førte til store skadar på hus og hagar.[13]

I oktober 2007 braut det ut opprør etter at det vart sett opp ei stor antenne som førte til uro sidan slike antenner hadde blitt knytt til auka kreftfare. Opprørspoliti avfyrte kuler og gassgranatar, som hissa innbyggjarane ytterlegare opp. Demonstrantane brende då ned huset til ein jødisk familie i landsbyen.[14] I desember 2007 drog den siste jødiske familien frå byen, etter at bilen deira vart sett i brann.[15] Berre Margalit Zinati, ein etterkomar etter ein Mustarabim-famile, har blitt verande att for å halde i live minnet om den jødiske arva i landsbyen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 70
  2. Setting the Example
  3. Babylonian Talmud, Shabbat, 33b
  4. 4,0 4,1 4,2 Researchers race to document vanishing Jewish heritage of Galilea drusarar landsby, Eli Ashkenaz, 25. juli 2012, Haaretz
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 192
  6. Guérin, 1880, s. 78-79, som omsett i Conder og Kitchener, 1881, s. 197
  7. Conder og Kitchener, 1881, s. 196-197
  8. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI, Underdistrikt of Akko. 
  9. E. Mills, 1932, s. 100
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 40[daud lenkje]
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 80[daud lenkje]
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 130[daud lenkje]
  13. Nowhere to shelter, Haaretz
  14. Dozens injured in Galilea clashes, 10.30.07, Ynet
  15. Last Jewish Family Leaves Peki'in, Ynetnews, 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]