Pekka Sammallahti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pekka Sammallahti
Pekka sammallahti.jpg
Fødd21. mai 1947
Helsingfors
NasjonalitetFinland
Yrkespråkforskar, antropolog
InstitusjonarHelsingfors universitet
Uleåborgs universitet
Universitetet i Tromsø
EktefelleInga Guttorm
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det finske vitskapsakademiet

Pekka Lars Kalervo Sammallahti (fødd 21. mai 1947) i Helsingfors er professor emeritus i samisk frå Giellagas-instituttet ved Universitetet i Uleåborg. Sammallahti er den mest sentrale nolevande utforskaren av samisk.

Karriere som leksikograf[endre | endre wikiteksten]

Pekka Sammallahti har skrive eller vore med og skrive dei mest sentrale ordbøkene mellom nordsamisk og finsk og tysk, mellom skolte- og enaresamisk og finsk, og mellom nordsamisk og kildinsamisk. Leksikografisk har han lagt vekt på å lage symmetriske ordbøker, ordbøker som tar omsyn både til den samiskspråklege og (t.d.) den finskspråklege brukaren. Dei nordsamiske ordbøkene hans var dei første ordbøkene til og frå nordsamisk med den nye ortografien frå 1979, og ordbøkene mellom norsk og nordsamisk er omsetjingar av Sammallahti si ordbok frå 1989.

Sammallahti var den første samiskleksikografen i Finland som satsa på praktiske ordbøker basert på dei samiske skriftspråka, til skilnad frå tidlegare leksikografar (T.I. Itkonen, Erkki Itkonen som skreiv ordbøker til bruk i komparativ språkforsking, basert på det finskugriske fonetiske alfabetet.

Karriere som lingvist[endre | endre wikiteksten]

I doktoravhandlinga si frå 1977 presenterer Sammallahti ei Chomskyinspirert analyse av dialekten i Enontekis. Seinare arbeidde han meir med leksikografi og språkhistorie.

Sammallahti har i lag med Juha Janhunen vidareutvikla Erkki Itkonen sitt arbeid med uralsk lydhistorie. Artikkelen hans frå 1988, "Historical Phonology of the Uralic languages" (i oversiktsverket Denis Sinor (ed.): The Uralic languages) er ein av dei sentrale og mest siterte artiklane innanfor komparativ uralistikk. I 1993 arbeidde han ein periode med samisk språkteknologi, og la grunnlaget for arbeidet med automatisk morfologisk analyse for samisk. I 1998 publiserte Sammallahti ei innføring i samisk lingvistikk på engelsk, og opna dermed det tysk-, finsk-, skandinavisk- og russiskspråklege fagfeltet også for engelskspråklege lingvistar.

Dei siste åra har Sammallahti arbeidd med syntaktiske emne, og i 2005 publiserte han ein monografi, Láidehus sámegiela cealkkaoahpa dutkamii, der han utviklar ein semantisk basert dependensgrammatisk analyse av nordsamisk syntaks.

Arbeid med andre språk[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i karrieren sin skreiv Sammallahti publikasjonar om aleutisk språksosiologi. Han har også arbeidd med ortografien til finsk romani, og han skreiv ei tidleg skisse av skogsnenetsisk, i 1974.

Bibliografi (utdrag)[endre | endre wikiteksten]

  • Nickel, Klaus Peter & Sammallahti 2011: Nordsamisk grammatikk.. Karasjok : Davvi Girji, 2011.
  • Sámmallahti & Klaus Peter Nickel 2006: Sámi-duiskka sátnegirji = Sáámisch-deutsches wörterbuch.. Karasjok : Davvi Girji, 2006.
  • 2005: Láidehus sámegiela cealkkaoahpa dutkamii. Kárásjohka : Davvi girji, 2005.
  • 2002: North Saami resource dictionary. Publications of the Giellagas Institute ; vol. 1. Oulu : [Oulun Yliopisto], 2002.
  • 1998:'The Saami languages : an introduction. Kárásjohka : Davvi girji.
  • Sammallahti, Pekka 1993: Sámi-suoma-sámi sátnegirji = Saamelais-suomalais-saamelainen sanakirja. Ohcejohka : Girjegiisá
  • Sammallahti, Pekka & Morottaja, Matti 1993: Säämi-suomâ sänikirje = Inarinsaamelais-suomalainen sanakirja. Ohcejohka : Girjegiisá, 1991.
  • Sammallahti, Pekka & Mosnikoff, Jouni 1991: Suomi-koltansaame sanakirja = Lää'dd-sää'm sää'nnke'rjj. Ohcejohka : Girjegiisá, 1991.
  • Sammallahti, Pekka 1989: Sámi-suoma sátnegirji = Saamelais-suomalainen sanakirja. Ohcejohka : Jorgaleaddji.
  • Mosnikoff, Jouni & Pekka Sammallahti 1988: U'cc sääm-lää'dd sää'nnkeârjaz = Pieni koltansaame-suomi sanakirja [Utsjoki] : Jorgaleaddji, 1988
  • Sammallahti, Pekka 1980: Jietnadatoahppa : fonetihka vuođđoássit 1. Dieđut ; Nr.2-1980.Guovdageaidnu : Sámi instituhtta, 1980.
  • Sammallahti, Pekka 1977: Norjansaamen Itä-Enontekiön murteen äänneoppi. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 160 Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura.
  • Sammallahti, Pekka 1975: Sodankylän saamelaisten entistä elämää. Elsa-Marja Aikion kertomana. Castrenianumin toimitteita ; 14 Helsinki : [s.n.], 1975.
  • Sammallahti, Pekka 1974: Material from Forest Nenets. Castrenianumin toimitteita ; 2 Helsinki : [s.n.], 1974.
  • Korhonen, Mikko, Jouni Mosnikoff, Pekka Sammallahti. 1973: Koltansaamen opas. Castrenianumin toimitteita ; 4. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]