Fregattstormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pelagodroma)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fregattstormsvale

Status i verda: LC Livskraftig

Fregattstormsvale
Fregattstormsvale

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Oceanitidae
Slekt: Pelagodroma
Art: P. marina
Vitskapleg namn
Pelagodroma marina

Fregattstormsvale (Pelagodroma marina) er ein liten sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Dette er einaste medlemmen i den monotypiske slekta Pelagodroma.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fregattstormsvaleegg

Fregattstormsvala hekkar på avsidesliggande øyar i Sør-Atlanteren, som Tristan da Cunha og øyar utanfor Australia og New Zealand. Det finst dessutan nordatlantiske koloniar på Kapp Verde, Kanariøyane og Selvagensøyane. Ho hekkar i koloniar nær havet og legg eit enkelt kvitt egg. Utanom hekketida held dei seg til havs.

Skildring og levesett[endre | endre wikiteksten]

Fregattstormsvale
Foto: Wikipedia-brukar Aviceda

Fregattstormsvala er 19-21 cm i lengd med 41-44 cm vengespenn og ei gjennomsnittleg vekt vekt på 60 gram. Ho har bleikbrun til grå rygg, overgump og venger med svarte vengefjør. Ho er kvit under, i motsetnad til andre nordatlantiske petrellar, og har eit kvitt andlet med ei svart augemaske omtrent som ei symjesnipe. Denne distinkte fjørdrakta gjer ho enkel å identifisere på sjøen.

Fregattstormsvala er strengt pelagisk utanfor hekketida, og dette, saman med dei ofte bortgjøymde hekkeplassane, gjer denne petrellen vanskeleg å observere frå land. Berre ved kraftige stormar kan denne arten bli pressa inn imot fastlandet. Det har vore ein handfull observasjonsrapportar på arten i Vest-Europa, frå Frankrike, Storbritannia og Nederland.

Denne stormsvala er strengt nattleg på hekkeplassar for å unngå predasjon av måsar og joar, og vil jamvel unngå å lande på klåre, månelyse netter. Som dei fleste petrellane, er evna til å gå avgrensa til eit kort hopp inn i hòla. Dei hekkar i store og tette koloniar. Ei av Chatham-øyane har ein koloni på ca. 850 000 par, verdspopulasjonen er estimert til 4 millionar individ.

Desse strengt pelagiske fuglane har ei direkte glideflukt, og vil vandre på vassoverflata når dei plukkar planktonisk føde opp frå havoverflata. Dei er svært sosiale, men følgjer ikkje skip.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]