Pelikan- og hegrefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pelecaniformes)
Pelikanfuglar
Australpelikan Pelecanus conspicillatus Foto: Diego Delso
Australpelikan Pelecanus conspicillatus
Foto: Diego Delso
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Bowdler, 1891

Pelikan- og hegrefuglar (Pelecaniformes) er ein biologisk orden av mellomstore og store vassfuglar. Tradisjonelt var gruppa definert som alle fuglar som har føter med symjehud mellom alle fire tærne. Difor vart dei tidlegare òg kjent under namn som totipalmates eller steganopodes.

Dei lever av fisk, blekksprut eller liknande marint liv. Hekkinga går føre seg i koloniar, men einskilde fuglar er monogame. Ungane hos dei fleste artane er nakne og hjelpelause etter klekking. Dei manglar rugeflekken.

I 2011 blei ordenen pelikanfuglar sterkt omgruppert etter klassifiseringar i Clements-rekkjefølgja. Fregattfuglar, suler, slangehalsfuglar og skarvar blei tatt ut og dannar ein ny orden sulefuglar. Tropikkfuglar dannar sin eigen orden Phaethontiformes. I staden kom treskonebb, skuggefugl, hegrar, ibisar og skeistorkar inn i Pelecaniformes.[1][2]

Undergrupper[endre | endre wikiteksten]

Orden Pelikan- og hegrefuglar[3] (Pelecaniformes) i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013:[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Clements Checklist Updates & Corrections - Feb 2011 Lest 4. juli 2012
  2. AOU Committee on Classification and Nomenclature (North & Middle America) 2009 N&MA Classification Committee: Proposals 2009-C Lest 4. juli 2012
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 13. september 2014