Hopp til innhald

Pelješac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering av Pelješac
Landsbyen Ston

Pelješac (italiensk: Sabbioncello) er ei halvøy sør i Kroatia i Dubrovnik-Neretva fylke. Ho er om lag 70 km lang og er forbunde med eit eid ved Ston. Pelješacsundet ligg mellom halvøya og øya Korčula. Det er planar om å knyte Pelješac til fastlandet via Pelješacbrua, når dette arbeidet vert fullført er ikkje klart.

Halvøya er delt inn i kommunane:

  • Orebić i vestlege delar med 3 705 innbyggjarar (2021)[1]
  • Trpanj i nordvest med 683 innbyggjarar
  • Janjina i sentrale område med 522 innbyggjarar
  • Ston i aust med 2 491 innbyggjarar
  • Dr Nikola Zvonimir Bjelovučić, Poluostrvo Rat (Pelješac), Naselja i poreklo stanovništva, knjiga 11, Beograd, 1922.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]