Pembrokeshire Coast Path

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikt frå Pembrokeshire Coast Path på Marloeshalvøya

Pembrokeshire Coast Path (walisisk Llwybr Arfordir Sir Benfro), òg ofte kalla Pembrokeshire Coastal Path, er ein turstig og National Trail i Pembrokeshire, sørvest i Wales.[1] Han vart etablert i 1970, og er 299 KM lang. Han går stort sett på toppen av kystklippane og samla høgdeskilnad er omtrentleg 11 000 m. På det høgaste punktet – Pen yr afr – går han 175 moh, og på det lågaste punktet – Sandy Haven crossing – er han berre 2 m over havet ved lågvatn.[2] Sjølv om mesteparten av kystlinja vender mot vest, byr stigen på utsikt over kysten i alle himmelretningar.

Stigen endar i sør ved Amroth i Pembrokeshire. Den nordlege enden vert ofte regna for å vere ved Poppit Sands, nær St. Dogmaels i Pembrokeshire, der det offisielle skiltet opphavleg stod[3], men stigen held no fram til St. Dogmaels,[4][5] hvor et nytt markeringsskilt ble avdekket i juli 2009.[6] Her vert stigen knytt til Ceredigion Coast Path, som held fram vidare nordover.[7]

Pembrokeshire Coast Path er ein del av Wales Coast Path, ein 1400 km lang turstig som går rundt heile kysten av Wales frå Chepstow til Queensferry, som vart opna offisielt i mai 2012.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pembrokeshire Coast Path». National Trails. Henta 1. juni 2014. 
  2. «Pembrokeshire Coast Path Statistics». National Trails. Henta 1. juni 2014. 
  3. «Coast Path Marker». Pembrokeshire Coastal Photography. Henta 1. juni 2014. 
  4. John, Brian (2012). Pembrokeshire Coast Path. Aurum Press. ISBN 978-1845137823. 
  5. «Pembrokeshire Coast Path: Newport to St Dogmaels». visitpembrokeshire.com. Henta 1. juni 2014. 
  6. «St Dogmaels to Newport (Town) 16 miles, (25.7 Kilometres)». Planning a Trip. National Trails. Henta 1. juni 2014. 
  7. «All-Wales coast path moves a step closer at St Dogmaels». BBC News South West Wales. 21. februar 2011. Henta 1. juni 2014. 
  8. BBC News Wales - All-Wales coast path nears completion Besøkt 31. mai 2014