Pen y Fan

Koordinatar: 51°53′00″N 3°26′13″W / 51.88328°N 3.43684°W / 51.88328; -3.43684
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pen y Fan
Marilyn, hewitt, nuttall
Pen y Fan frå Cribyn
Land  Wales
Del av Bannau Brycheiniog nasjonalpark
Fjellkjede Brecon Beacons
Topp Powys
 - høgd 886 moh.
 - Primærfaktor ca. 671 m
Kart
Pen y Fan
51°53′03″N 3°26′12″W / 51.884031°N 3.436765°W / 51.884031; -3.436765
Wikimedia Commons: Pen y Fan

Pen y Fan er det høgaste fjellet i Sør-Wales og sør i Storbritannia. Det ligg i Brecon Beacons nasjonalpark. Med ei høgd på 886 meter over havet er det òg det høgaste punktet i Storbritannia sør for Snowdonia-fjella.

Toppen ligg på ein rygg som strekkjer seg frå reservoaret i Talybont-on-Usk til A470. Vest for Corn Du går terrenget slakt nedover til Storey Arms ved A470. Mot aust stuper ryggen bratt ned til eit pass som knyter Pen y Fan med Cribyn. Frå Corn Du går det ein slak rygg sørover til Merthyr Tydfil.

Mange uerfarne klatrarar har mista livet på fjellet på grunn av raskt vekslande vêrforhold. Fjellet blir òg brukt i treninga av britiske spesialstyrker, spesielt i samband med utmarsjen «Fan Dance» under utveljinga til Special Air Service. Òg blant soldatane har det vore fleire dødsfall. Pen y Fan blir difor rekna av mange som den farlegaste toppen i Wales, sjølv om sjølve klatringa ikkje er spesielt teknisk krevjande.

Fjellet består hovudsakleg av glasiær Old Red Sandstone.

Toppen er klassifisert som ein marilyn, hewitt og nuttall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

51°53′00″N 3°26′13″W / 51.88328°N 3.43684°W / 51.88328; -3.43684