Pendulum av Creedence Clearwater Revival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pendulum
Studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Språk engelsk
Utgjeve 9. desember 1970[1]
Innspelt November 1970
Studio Wally Heider Studios i San Francisco
Sjanger
Lengd 40:56
Selskap Fantasy
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
Cosmo's Factory
(1970)
Pendulum Mardi Gras
(1972)


Singlar frå Pendulum
  1. «Have You Ever Seen the Rain» med «Hey Tonight»
    Utgjeve: Januar 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]
Christgau's Record GuideA–[3]

Pendulum er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut av Fantasy Records den 15. desember 1970 — det andre albumet deira det året. Ein singel frå albumet, «Have You Ever Seen the Rain?» i lag med «Hey Tonight», kom ut i januar 1971.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Pendulum var det einaste albumet av gruppa som ikkje inneheldt coverversjonar. Alle songane vart skrivne av John Fogerty. Det vart det siste albumet bandet gjorde med Tom Fogerty, som slutta for å satse på ein solokarriere. Det var òg det siste albumet med John Fogerty som einaste produsent.

Creedence nytta fleire instrument enn dei tidlegare hadde gjort på dette albumet, mellom anna med blåseinstrument og klaverinstrument, i motsetnad til tidlegare album som var dominert av gitar. Blant fleire mindre kjende Fogerty-songar («Pagan Baby», «Sailor's Lament», «It's Just a Thought», «Born to Move») inneheldt albumet to Topp 10-hittar, «Hey Tonight» og «Have You Ever Seen the Rain?». Begge songane nådde åttandeplassen i 1971. Han inneheld òg det avantgarde, psykedeliske musikkstykket «Rude Awakening #2».

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i Wally Heider Studios i San Francisco, og tok ein månad å fullføre—ei uvanleg lang tid for bandet. På tidlegare album, øvde gruppa på songane før dei gjekk i studio. Men på Pendulum lærte bandet seg songane medan dei var i studio.[4] Det første opptaket av ein song vart framført av heile bandet,[5] før dei forskjellige medlemmane la til forskjellige instrument og ekstra song-spor, som saksofonar, som vart spelt av John Fogerty sjølv, i tillegg til mykje bruk av klaverinstrument, spelt av Fogerty og Cook.[4]

Albumet nådde toppen av salslistene i Australia og Noreg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av J. C. Fogerty.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Pagan Baby»6:25
2.«Sailor's Lament»3:47
3.«Chameleon»3:05
4.«Have You Ever Seen the Rain?»2:39
5.«(Wish I Could) Hideaway»3:53
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Born to Move»5:39
7.«Hey Tonight»2:43
8.«It's Just a Thought»3:45
9.«Molina»2:41
10.«Rude Awakening 2»6:19
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
11.«45 Revolutions Per Minute (Part 1)»3:17
12.«45 Revolutions Per Minute (Part 2)» (Spor 11 og 12 er musique concrète)7:19
13.«Hey Tonight» (Konsertopptak frå Hamburg 17. september 1971)2:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Ed Caraeff – fotografi og plateomslag
  • Russ Gary – lydteknikar, miksing
  • Kevin L. Gary – lydteknikar
  • Steve Hoffman – lydteknikar

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia Kent Music Report[6] 1
Australske Top 20-album[7] 1
Canada 100-album[8] 2
Nederland Top 100-album[9] 2
Noreg - VG-lista[10] 1
UK Albums Chart[11] 8
US Billboard 200[12] 5

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
Pop Singles UK Top 40
Januar
1971
"Have You Ever Seen The Rain"/
"Hey Tonight"
#8 #36

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Finland (Musiikkituottajat)[13] Gull 20,000
USA (RIAA)[14] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Billboard 19 dic 1970» (PHP). Billboard. 
  2. http://www.allmusic.com/album/r4762
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 20. september 2020 – via robertchristgau.com. 
  4. 4,0 4,1 Hank Bordowitz (2007). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago, Illinois: Chicago Review Press, Incorporated. s. 106–108. ISBN 978-1-55652-661-9. 
  5. Selvin, Joel (2008). Pendulum (Expanded Reissue) (PDF) (CD liner). Creedence Clearwater Revival. Beverly Hills, California, United States: Fantasy Records. FAN-30881-02. Arkivert frå originalen (PDF) 14. mars 2012. 
  6. Kent, David. Australian Chart Book 1970-1992. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «Go-Set Number one Albums». Pop Archives. Arkivert frå originalen 29. september 2013. Henta June 1, 2011. 
  8. «100 Albums». RPM 14 (26). February 13, 1971. Henta June 1, 2011. 
  9. «Creedence Clearwater Revival – Pendulum (Album)» (ASP). Dutch Charts (på nederlandsk). Hung Medien. Henta June 1, 2011. 
  10. «Album Info: Pendulum by Creedence Clearwater Revival» (PHP). VG-lista. Henta June 1, 2011. 
  11. «Artist Chart History: Creedence Clearwater Revival». The Official Charts Company. Henta June 1, 2011. 
  12. «Creedence Clearwater Revival Album & Song Chart History: The 200». Billboard. Henta June 1, 2011. 
  13. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  14. «American album salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Pendulum». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH


Føregangar
Bridge over Troubled Water
Simon & Garfunkel
Toppen av VG-lista
Creedence Clearwater Revival

3 veker, veke 3–5, 1971
Etterfylgjar
All Things Must Past
George Harrison
Føregangar
All Things Must Past
George Harrison
Toppen av VG-lista
Creedence Clearwater Revival

1 veke, veke 7–1971
Etterfylgjar
All Things Must Past
George Harrison
Føregangar
All Things Must Past
George Harrison
Toppen av VG-lista
Creedence Clearwater Revival

3 veker, veke 16–18, 1971
Etterfylgjar
Rose Garden
Lynn Anderson