Pengesetel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pengesetlar for valutaen Euro

Ein pengesetel er eit betalingsmiddel. Setlar er, saman med myntar, rekne som kontantar. Dette tyder blant anna at dei kan brukast ved kjøp og sal utan å måtte innløysast først, og at dei er upersonlege.

Opphavleg var verdet av pengar avgjort av materialen dei var laga av, først og fremst gull eller sølv, og mengda av dette. Fordi det er tungvint og farleg å frakte større mengder edelt metall og fordi det til tider var mangel på edelt metall til mynt, byrja ein å skrive ut garantibrev, normalt i form av ein lovnad om ved forespørsel å utbetale ei viss mengd edelt metall som var lagra ein nærare angjeven stad.

Dei eldste pengesetlane som er kjent vart skrive ut i det 600-talet i Kina. Før dette finn ein òg garantibrev, men desse var personlege og kunne dermed berre unntaksvis brukast direkte som betalingsmiddel. Etter kvart vart garantibreva upersonlege, slik at dei kunne brukast som betalingsmiddel som var gyldige innanfor eit angjeve område eller i ein spesiell bank.

Både private og offentlege bankar kan utskrive pengesetlar etter visse reglar. I moderne tid blir likevel pengesetlar så godt som utelukkande skrive ut av statlege sentralbankar, som t.d. Noregs Bank eller Bank of England, og slike setlar gjeld som betalingsmiddel i alle bankar og forretningar i det aktuelle landet.

Dei fleste pengesetlar inneheld tryggingstiltak for å forhindre forfalsking, blant anna kopartrykk, vassmerke og ultrafiolette merke.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]